3. mar, 2018

Positiv - Negativ. Ingenting i mellom?

"Tenk positivt. Tenk positive tankar. Det vil gjere livet ditt betre." Dette er noko me høyrer og les om både her og der. Heile tida. Det er ikkje usant. Det er noko i det. Det er noko i det dersom det einaste alternativet er å tenke negativt. Tenke negative tankar. Det er noko i det dersom det er Positivt mot Negativt. 

Me ikkje alltid tenke positivt. Livet er ikkje alltid berre positivt. Ikkje for nokon av oss. Livet vil by på vanskelege ting som gjer at ein ikkje opplever livet som positivt. Alle vil før eller seinare komme i ein slik situasjon. Når me går på livsvegen vår, vil det av og til dukke opp så store utfordringar at livet kan opplevast som berre negativt. Så negativt at me ikkje finn grunn til å tenke positivt. Og det må me ikkje heller. Det må vere lov til å anerkjenne negativiteten når livet faktisk blir så vanskeleg at noko positivt ser ut til å vere utanfor rekkevidde. Det må vere lov til å kjenne på tunge, triste kjensler når livet blir så vanskeleg at det kjennes berre... ja, tungt og trist. Det må vere lov til å anerkjenne negative tankar. Me ikkje alltid tenke positivt.

Men: Me må passe oss for å bli fanga og oppslukt i negativiteten. Me må passe på at dei negative tankane ikkje får heilt fritt spillerom. Då kan dei fort føre oss inn i ein tankespiral som berre går nedover og nedover. Det kan føre til at negativiteten kjem heilt ut av dimensjonar. Me har lov til å erkjenne at livet er vanskeleg. Og det må vere lov til å anerkjenne negativitet, tenke dei negative tankane. Men me må ikkje vere i det for lenge. Om me lar det gå så langt at me blir fanga i negativiteten, gjer me det berre enno meir vanskeleg for oss sjølv. 

Men korleis snu det? Korleis snu tung og mørk negativitet til positive tankar? Det er ikkje lett. Det er ikkje alltid så lett som å berre bestemme seg for at "no skal eg tenke positivt" når livet faktisk er veldig vanskeleg. Å seie "tenk positivt, du må prøve å sjå det positive" til eit menneske som har det så vanskeleg at livet oppleves som berre negativt, skal me vere forsiktige med. Det kan virke provoserande. Det kan virke mot sin hensikt. Det kan få eit menneske til å kjenne seg enno meir håplaus og utilstrekkeleg, fordi det ikkje får til å tenke positivt. 

"Tenk positivt" fungerer ikkje alltid. Må det det? Nei, me må ikkje alltid strebe etter å tenke positive tankar. Livet er ikkje slik at det alltid er grunn til å sjå positivt på alt mulig. Men kva er alternativet? Er alternativet å "grave seg ned" i negative tankar, med fare for å gjere livet enno meir vanskeleg? det vere enten det eine eller det andre? det vere enten Positiv eller Negativ? Er det ingenting i mellom desse to motpolane? Jo, det er det. Eg meiner at det er det. Eg har lært at det er mogleg å finne noko mellom desse to motpolane. Kva det er? Det er å akseptere. Det er å akseptere at det er som det er. Å akseptere at livet er som det er. Å akseptere og tåle smerte, sorg, det som gjer at livet er vanskeleg....når livet er vanskeleg. Akseptere og slå seg til ro med at det er som det er akkurat no. For det er jo ikkje slik heile tida. Alt er midlertidig. Alt går over. Alt går vidare.

Dersom du av og til ikkje ser grunn til, og ikkje får til, å tenke positivt, men likevel kan tåle og akseptere at det er som det er utan å dvele noko meir ved det, kan det bli lettare å komme seg gjennom den vanskelege perioden. For den er midlertidig. Det går over. Du kjem deg vidare.

Me ikkje alltid tenke positivt. Men me treng ikkje å berre tenke negativt heller.