26. feb, 2018

Seriøst...?!?

Mandag. Ny veke, nye muligheter og alt det der. Litt færre bekymringar enn i forrige veke, men framleis meir enn nok av dei. Og igjen slår dei inn med full styrke med det same eg vaknar om morgonen. Eit "sammensurium" av tankar som ikkje fører til noko som helst anna enn ein nedstemt sinnsstemning. Dette er ikkje nytt for meg, men eg vert like frustrert likevel. Og med ungdommens uttrykksmåte seier eg berre: SERIØST...?!?

Jaja, Wenche. Du veit kva du har å gjere. STOPP! STOPP! STOPP! Skriv ned og sorter i tankar og bekymringar. Legg vekk det du ikkje kan gjere noko med her og no, og bestem deg for kva du vil starte med av det som du kan gjere noko med. Ferdig med det! Og lag deg ein så god dag som du kan med det utgangspunktet du har akkurat i dag.