24. feb, 2018

Det hender at ro og kvile er den beste medisin

Å gå over lang tid med bekymringar som i stor grad forringar livskvaliteten, utan at det er noko du sjølv kan gjere for å endre på det, er frykteleg slitsomt. Det tynger deg ned psykisk. Du må jobbe ekstra hardt mentalt for å komme deg gjennom dagane, og det tapper deg for energi. Det kan bli så slitsomt å jobbe mentalt at kroppen til slutt seier stopp. Energilageret kan gå tomt. Det kan gå så langt at det blir til utmattelse. Kroppen vil ikkje meir. Den har ikkje meir å gå på. 

Fysisk aktivitet er god medisin. Som oftast er det god medisin for det meste. MEN...det hender også at ro, kvile og kanskje litt ekstra søvn er god medisin. Det hender at det er den beste medisinen. Når du har gått over lang tid med bekymringar som tvingar deg til å jobbe knallhardt mentalt kvar einaste dag, kan det hende at det kroppen treng mest er ro, kvile og kanskje litt ekstra søvn.

Menneske som aldri har kjent på dette, vil ikkje alltid forstå. Dei vil fortelje deg at det beste du kan gjere er å komme deg i aktivitet. Fysisk aktivitet. Trening. Gå tur. Dei vil ikkje alltid forstå at eit menneske velger ro, kvile og litt ekstra søvn framfor fysisk aktivitet. Dei vil ikkje kunne forstå det dersom dei aldri har kjent på slik utmattelse sjølv. Og det er greitt. Dei treng ikkje å forstå. Det er du som kjenner det på kroppen. Det er din kropp som gjev signal til deg om kva den treng. Det er ditt valg.

Å velge ro, kvile og litt ekstra søvn som medisin er ikkje alltid det rette. Langt i frå. Fysisk aktivitet er som oftast veldig god medisin. Det veit eg. Det har eg fått mange erfaringar på. Men det hender at kroppen seier stopp når ein har jobba knallhardt mentalt over lang tid. Det veit eg også. Det har eg også fått erfaringar på. Heldigvis hender det ikkje så ofte. Men det hender.

Når eit menneske opplever å komme i ein slik situasjon, er det lov til å velge ro, kvile og litt ekstra søvn framfor fysisk aktivitet. Om andre menneske meiner at dette er heilt feil, så javel...det meiner dei. Men om du kjenner at no er du i ein situasjon av utmattelse og kroppen din fortel deg at den vil ha kvile, så gjer du det. Du velger å vere i ro. Du kviler. Og kanskje søv du litt meir enn vanleg. Fordi det er den medisinen du treng i denne situasjonen, her og no.