17. feb, 2018

Pengeverdi og menneskeverd går ikkje proporsjonalt

Skam - ei av dei aller mest øydeleggjande kjenslene eit menneske kan ha. I dag skal eg skrive litt om eit tema som (av ein eller anna grunn) er knytt til skam. Eg forstår ikkje heilt kvifor det skal vere noko å skjemmast over, men likevel kjenner eg på dette sjølv. Kva tema det er? Eg snakkar om det å ha dårleg økonomi. Dårleg råd. Lite pengar.

Det kan vere mange og ulike årsaker til at ein har dårleg økonomi. Ofte handler det om sjukdom og helseplager som gjer at ein ikkje kan fungere i arbeidslivet lenger. Utan å jobbe, tener ein ikkje pengar. Heldigvis bur me i eit land med gode velferdsordningar. Me har eit offentleg system som skal ivareta oss som ikkje lenger kan arbeide og tene pengar; NAV. Nye Arbeids - og Velferdsetaten.

Når eg har komme dit at eg grunna kroniske helseplager ikkje kan vere i betalt arbeid lenger, tenker eg som så at alle dei skattekronene eg har betalt inn i eit neste 30 års langt arbeidsliv, no kjem meg til gode. Men som kjent: Ting Tar Tid. Også i NAV-systemet. Det er retningsliner og saksbehandlingstider. Det betyr venting. Det betyr at ein kan havne i ein overgangsfase mellom betalt arbeid og økonomisk yting frå det offentlege. Og det kan skape store økonomiske utfordringar. Det kan skape ein situasjon med dårleg økonomi. Ein periode med dårleg råd. Ein periode med lite pengar. Det er tøft og slitsomt å ha dårleg økonomi.

Men kvifor er det slik at me skjemmest sånn over det? Er det fordi me bur i eit land der folk flest har pengar så dei greier seg, og vel så det, og difor finn det vanskeleg å setje seg inn i korleis det er å ha dårleg økonomi? Eg har ikkje noko negativt å seie om dei som har ein god og romsleg økonomi. Det er ikkje slik å forstå. Eg går ikkje rundt og er misunneleg på folk som har god og romsleg økonomi. Folk har den økonomien dei har. Eg får passe på meg og mitt. Og eg har i grunnen meir enn nok med det. Sjølvsagt tenker eg av og til på at eg ville hatt større fridom på ein del område dersom eg hadde hatt ein god og romsleg økonomi. Men eg har verken lyst til eller krefter til å bruke mykje tid på slike tankar. Eg er her og no. Eg har det som eg har det her og no. Eg må leve mitt liv med den økonomien eg har her og no.

Men tilbake til skam. Om eg ikkje vil bruke krefter på å ønske meg betre økonomi, undrer eg meg over samanhengen mellom dårleg økonomi og kjensla av skam. Er det slik fordi menneskegruppa med dårleg økonomi er i mindretal i velferdsstaten Norge? Nesten som ein minoritet? På ein måte blir jo denne menneskegruppa litt annleis. Menneske med dårleg økonomi må gjere andre prioriteringar enn menneske med god økonomi. Menneske med dårleg økonomi må velje bort mange ting. Det kan til dømes gå ut over det sosiale livet. Menneske med dårleg økonomi har ikkje råd til å delta på ein del av dei tinga som menneske med romsleg økonomi kan. Så, ja...kanskje blir det ei menneskegruppe som er litt annleis. Ei menneskegruppe som kjenner seg mindreverdig. Men skam?Kvifor det? Pengar - pengar i seg sjølv - seier ikkje noko om din verdi som menneske. Gjer det, vel? Nei. Det gjer ikkje det. Det er ein påstand eg kan komme med, fordi eg veit. Eg har møtt mange menneske langs heile skalaen av økonomisk status, og eg veit at økonomisk verdi og verdi som menneske ikkje går proporsjonalt. 

Eg syns at mennskegruppa med dårleg økonomi skal lære seg til å legge vekk skamkjensla. Og eg syns at menneske med god økonomi skal lære seg til å vise meir forståing og respekt for at det finnes menneske som ikkje har så god økonomi som dei sjølve. 

Me kan aldri vite nok om andre menneske til å gjere oss sjølve til dommar over dei. Og det går begge vegar. Menneske med dårleg økonomi har ingen rett til å dømme dei som er betre stillt, og menneske med god økonomi har ingen rett til å dømme dei som er dårlegare stillt. 

Skam - ei av dei aller mest øydeleggjande kjenslene eit menneske kan ha. Så kan me ikkje i det minste stryke dårleg økonomi på lista over ting som er knytt til skam?