13. feb, 2018

Kven er sjef over tankane?

Kva er eigentleg greia med at i det same eg slår opp augene om morgonen så er hovudet fullt av bekymringar og burde-tankar? Ein tankekarusell med ein fart som er til å bli svimmel av. Nokon som kjenner seg igjen? Ein tankekarusell som gjer at ein kjenner seg fanga og handlingslamma? Eg er faktisk heilt sikker på at eg ikkje er åleine om å ha denne opplevinga. Ikkje kvar morgon, men ofte eller av og til.

Det er ikkje rart at det er vanskeleg å komme i gang med dagen når ein har det slik. Samd i det?

Men greitt! Slik har eg det. Slik er det å vere meg. Men eg treng ikkje å bli slave av denne tankekarusellen. Det er det ingen av oss som treng. Det er faktisk mogleg å ta kontroll over slike tankar. Kognitiv jobbing. Jobbe med å handtere tankane sine. Mental trening. STOPP! 

Ein kan instruere seg sjølv mentalt - seie Stopp til tankekarusellen og sortere i tankane sine. Bryte dei ned, sjå kva som er viktig og kva som er mindre viktig akkurat her og no. Ein vil kunne sjå kva ein kan ta grep om og kva som faktisk ligg utanfor eigen kontroll. For det vil alltid vere situasjonar som berre skjer. Situasjonar som berre er som dei er og ein får ikkje gjort noko med det. Frykteleg bortkasta (og ikkje minst slitsomt) å plage seg sjølv med å tenke og gruble på noko som ein faktisk ikkje kan påverke, fordi det ligg utanfor eigen kontroll. Ikkje sant?

Stopp tankekarusellen. Sorter og bryt ned tankane. Sjå på dei. Kva er kva. Ofte kan det vere til hjelp å visualisere tankane. Skrive dei ned. Lage ei liste. Då er det lettare å sjå kva som er viktig og kva som er mindre viktig å gje plass til i hovudet sitt. Ein ser meir av det som er realiteten. "Kva kan eg ta grep om og gjere noko med, og kva må berre vere som det er? Kva greier og vil eg ta grep om akkurat i dag? Kva greier eg ikkje og vil eg ikkje ta grep om av det eg sjølv kan gjere noko med?" For det er lov å ta valg om at ein ikkje orkar sjølv om ein kan. Når ein har lagt vekk det som ein veit er heilt bortkasta å gruble på og fått ei liste over det ein kan ta grep om og gjere noko med, kan ein velge frå denne lista. Kva vil og kan eg i dag? Og når ein har avgjort dette, kan ein legge vekk, langt bak i houvudet, det ein ikkje kan og/eller vil. Då har ein teke kontroll, og kan finne ro med det ein har bestemt seg for.

Slik kan ein jobbe med tankane sine. Ein kan lære seg å jobbe mentalt på denne måten. Mental trening. Kognitiv jobbing. Ta kontroll over tankane sine. Bli sjef over sine eigne tankar. Og då blir ein, som lege og professor Ingvard Wilhelmsen seier i boka si: "Sjef i eget liv." (forøvrig ei bok som eg kan anbefale👍🙂)

Lag ein fin dag, med tankane på "rette staden." 🙂