29. jan, 2018

Eit avslutta kapittel som eg minnast med glede

Seks dagar. Eg er på den sjette dagen med kraftig og intens hodepine - i ansiktet. Jaaada. Sånn har eg det for tida(!) Det er slitsomt. Det gjer noko med sinnsstemningen. Eg er sliten. Eg er lei. Og eg er nedstemt. Ofte, når eg har det slik som no, kjem negative tankar strøymande. Og det har dei gjort denne gongen også. MEN... noko er annleis no. Eg har sigra over dei negative tankane! Eg har greidd å stoppe dei. Og eg har greidd å rette fokus mot eit avslutta kapittel i livet, eit kapittel som har gitt meg så mykje godt: Arbeidslivet. Eg fekk nesten 30 år i ein jobb som eg var veldig glad i. Eg fekk jobbe med barn. Eg fekk vere ein del av livet til mange barn - gjennom to generasjonar.

Barn er fine. Barn er på mange måtar så ukompliserte. Dei er tydelege. Tydelege i tankar, kjensler, ord og gjerningar. Barn er kloke små menneske. Dei har så mange kloke tankar. Dei seier så mykje klokt. Barn har humor. Av og til seier dei noko på måtar som er morosame. Å le - le godt - saman med barn, er noko av det beste og finaste ein kan oppleve. Barn kan lære oss vaksne så mange ting. Om me tek oss tid til å lytte, observere, vere i situasjonen med barnet, verkeleg vere der, så er det så mykje å lære av barn.

Vaksne skal vere førebilete for barn. Vaksne skal vere rollemodellar. Gode rollemodellar. Barn treng det. Barn skal lære av oss vaksne. Vaksne skal gje barn trygge omgjevnader. Trygge oppvekstvilkår. Trygge og gode miljø for læring og vekst. Barn tek til seg mykje i samvær med vaksne. Dei tek til seg meir enn det mange kanskje trur. Samspel mellom vaksen og barn. Det gode samspelet, der læring og vekst går begge vegar. Det er så flott! Vaksne og barn lærer av kvarandre. Det gode samspelet der vaksen og barn deler klokskap, humor, latter, glede. Men også tårer og gråt over det som er vondt og vanskeleg. Barn får med seg mykje. Dei oppfattar det såre og vonde. Dei får med seg og forstår mykje. Ofte meir enn det mange kanskje trur. Barn er kloke små menneske.

I nesten 30 år har eg fått vere ein del av dette. Eg har nesten 30 gode år i ein jobb eg var veldig glad i. Men livet endrer seg. For meg og for andre. For meg er arbeidslivet no eit avslutta kapittel. Kropp og psyke har sagt stopp. Det er for tidleg. Det er eigentleg for tidleg å avslutte kapittelet som heiter 'arbeidslivet' før eg har nådd å bli 50 år. Men slik vart det for meg. Det er ikkje alt ein kan styre over om ein er aldri så god på kognitive teknikkar. Det er ikkje alt ein kan styre vekk med tankane.

Eit avslutta kapittel. Vemodig er det jo, sjølvsagt. Men det er som det er. Og eg set her no med mine smerter og min nedstemhet, og eg kan kikke tilbake på eit kapittel som er avslutta. Eg kan sjå tilbake på det, fordi det var eit godt kapittel. Eg kan mimre og minnast. Det får meg til å smile, trass i smerter og nedstemhet. Eg fekk nesten 30 år saman med barn. Nesten 30 år med klokskap, læring, tårer, humor, latter og glede. Det gode samspelet mellom meg og barna. Eg smiler. Eg har vore heldig! Livsvegen min har vore, er og vil framleis vere bratt og kronglete. Men eg har vore heldig, som kan sjå tilbake på arbeidslivet mitt og minnast med glede. Det kan ingen ta frå meg!🙂