24. jan, 2018

Den indre kritikaren er i oss alle

Sjølvinnsikt. Det er bra å ha sjølvinnsikt. Kjenne seg sjølv, på godt og vondt, vite kven ein er og kva ein står for. Det er bra. Det har betydnig for korleis ein framstår i samspel med andre.

Å ha sjølvinnsikt knytta til eigen sjukdom er også bra. Sjølvinnsikt og kunnskap om eigen sjukdom gjer at ein kjenner igjen symptom. Ein forstår kva dei ulike symptoma betyr, og ein lærer seg kva for tiltak som er viktige og nødvendige for å håndtere sjukdommen. Sjølvinnsikt og kunnskap er gode verktøy for håndtering av eigen sjukdom. Sjølvinnsikt og kunnskap om eigen sjukdom er bra. Men ikkje alltid. Å kjenne igjen symptom og vite og forstå kva som skjer, men ikkje makte å bruke tiltak som ein veit er bra, kan "legge stein til byrden". Det blir ei belastning, fordi ein ikkje får til å gjere det som ein veit er rett og bra. Det kan bli ei oppleving av å ikkje mestre, og då kjem dei automatiske negative tankane og tar stor plass. Dei opptek det meste av merksemda di. Desse tankane vil komme med nedsetjande meldingar. Den indre kritikaren din vil fortelje deg om din utilstrekkelighet. Den vil fortelje deg at du ikkje er flink nok. Du greier ikkje å gjere det rette for å hjelpe deg sjølv gjennom ein vanskeleg sjukdomsperiode. Du er ikkje flink nok og du er ikkje god nok. Kanskje vil den indre kritikaren til og med fortelje deg at du har deg sjølv å takke for at du har det vanskeleg. Du kan og veit kva som er det rette og beste for deg, men likevel gjer du det ikkje. Slike utsagn er din indre kritikar svært god på. Den veit å ramme deg og "legge stein til byrden." Din indre kritikar kan vere din verste fiende. Den kan bygge ned sjølvkjensla og sjølvbiletet ditt. Kanskje så langt ned at du byrjar å tvile på din verdi som menneske. Din indre kritikar kan vere så hard med deg at du kan bli overtydd om at du er fullstendig verdilaus. Farlig, farlig. Den indre kritikaren kan bli veldig farlig. Men den er der, og vil alltid vere i deg. Alle har ein indre kritikar. Og det skal me ha. Me treng den som ein retningsvisar, og som eit slags filter. Me kan ikkje gå heilt ukritiske på livsvegen vår. Det kan bli farlig, både for ein sjølv og for andre. Me kan komme til å skade både oss sjølve og andre.

Den indre kritikaren er i oss alle. Alle vil høyre frå den. Me kan ikkje fjerne den. Men me kan lære metodar for korleis me vil møte denne kritikaren når den byrjar å rope ut sin negativitet. Når den indre kritikaren seier til deg at du er utilstrekkelig og håplaus fordi du ikkje makter å ta i bruk tiltak som du veit er bra for deg, har du to valg: Handling, eller aksept. Du kan velge å møte kritikaren med tiltak og handling. Eller du kan velge møte den med tilsvar: "Ja, eg høyrer kva du seier, du din kritikar. Men eg bryr meg ikkje om det." Du velger å akseptere at det er som det er. Du aksepterer at du ikkje makter å mestre. Du aksepterer å stå i det.

Å kjenne sin eigen sjukdom er bra. Det er viktig, og det gir gode verktøy til å håndtere sjukdommen. Men pass deg for den indre kritikaren. Når kritikaren byrjar å rope ut sin negativitet; STOPP! Det er då stoppskiltet skal fram. STOPP! Stopp opp litt sjå etter kva valg du har. Du har i allefall to valg. Ikkje sant? Du kan velge å møte den indre kritikaren med tiltak og handling, eller du kan velge å møte den med tilsvar, og akseptere at det er som det er. Du er der du er og du blir der litt. Akkurat no får det berre vere bra nok. Ferdig tenkt!