19. jan, 2018

Tenk om eg kunne

Tenk om eg kunne vakne om morgonen og kjenne meg utkvilt og opplagt. Ta sats og hoppe ut i ein ny dag og ta for meg av det den måtte by på...(?) Tenk om! Tenk om eg kunne!

Men det kan eg ikkje. Trass i at eg får mine timar med god nattesøvn, kjenner eg meg ikkje utkvilt og opplagt når eg vaknar om morgonen. Psykiske og kroppslege helseutfordringar tappar meg kontinuerlig for energi. Eg kan ikkje ta sats og hoppe ut i ein ny dag. Eg vil. Men eg kan ikkje. Helseutfordringane mine gjer at alt går i sakte tempo om morgonen. Eg treng tid. Eg treng tid til å få kroppen i gang. Eg treng tid til å sortere og ta kontroll over automatiske negative tankar, som er ein del av depresjonen.

Tenk om det ikkje var slik?! Tenk om eg kunne starte dagen på ein heilt anna måte?! Tenk om?! Ja, eg kan tenke på det. Eg kan tenke på at det kunne ha vore annleis. Tenke på korleis det kunne ha vore. Men det hjelper meg ikkje. Det blir ikkje annleis. Eg kan ha så mange tenk-om-tankar eg vil, men det blir ikkje annleis av det. Det er som det er. Eg har det som eg har det. Eg kan berre gjere så godt eg kan med det som er min  realitet. Om andre finn det vanskeleg å forstå, så er ikkje det mitt problem. Eg må leve mitt liv på min måte med dei forutsetningane eg har. Det er som det er og eg har det som eg har det.

Tenk-om-tankar er frykteleg slitsomt. På nokre område kan ein ta grep og faktisk gjere noko for å oppnå det som er i tenk-om-tankane. Ein kan velge å aktivt handle for å oppnå det ein tenker på. Så er det andre område der ein av ulike årsaker ikkje kan oppnå det som er innhaldet i tenk-om-tankane. Det vil alltid finnast noko ein ikkje kan endre på her i livet. Det er som det er. Ein kan mislike det. Ein kan synast at det er urettferdig. Ein kan kjenne på sinne. Og det er greitt. Sjølvsagt er det greitt å ha kjensler! Men om ein likevel kan greie å akseptere at det er som det er, vil ein spare seg for alle dei tenk-om-tankane som berre bidrar til å gjere livet surt.

"Grubl ei over der ei kan endres." (Henrik Ibsen)