12. jan, 2018

Eg går steg for steg mot aksept. Men ting tar tid.

Det er rart med det; at sjølv om eg ikkje hadde anna vegvalg enn dit eg no skal gå, så får eg ei kjensle av sorg. Eg har tidlegare gjeve uttrykk for at eg ikkje opplever dette vegvalget som eit nederlag. Men kanskje det kjennes litt sånn likevel....Ein kombinasjon av nederlag og sorg? Kjensle av nederlag fordi det er noko eg ikkje mestrer lenger? Kjensle av sorg over at eg måtte stenge ei grind bak meg og gå i frå noko som eg var glad i?

 

Kvardagslivet mitt har endra seg. Det fastlagde innhaldet eg hadde å forholde meg til er der ikkje lenger. Ikkje for meg. Eg er ikkje ein del av det lenger. Kvardagslivet mitt er i ein overgangsfase. Eg har opne dagar som eg sjølv må fylle med noko. Det er mange som seier at dei ønskjer seg fridom til å fylle dagane sine med akkurat det dei vil. Den fridomen eg har no, er ikkje så fri som kanskje mange trur. Når det er kronisk sjukdom som er årsak til at ein har opne dagar som ein skal fylle med noko, så kjennes det ikkje heilt som å ha fridom. Eg kan ikkje bruke dagane mine akkurat slik som eg gjerne ønskjer. Det er helseplagene som har den styrande makta. Eg må legge opp dagane mine ut i frå helsetilstanden. Kvar dag. Dag for dag. Å leve med kronisk sjukdom kan gjere dagane veldig uforutsigbare. Dei kan vere veldig ulike. Det er gode dagar der ein har relativ stor fridom i valg av innhald. Så er det dårlege dagar der helseplagene har all makt og avgrensar valgmulegheitene.

Når det er helseplager som heilt tydeleg avgjer at det ikkje lar seg gjere å fungere i eit forpliktande arbeidsliv lenger, burde det ikkje kjennast som eit nederlag. Det burde kjennast som at ein tek situasjonen sin, livet sitt, på alvor og gjer det som er rett for seg sjølv og for arbeidsgjevaren sin. Eg veit at det er det rette. Eg har erkjent det, og eg jobbar med meg sjølv for å akseptere det. Men så er det jo slik at at ofte heng ikkje intellekt og kjensler heilt i hop. Kjenslene brukar lenger tid på å nå dit som intellektet er. Dei treng lenger tid på å finne ro i eit aksept. Kjensler fungerer som ein prosess. Dei vil gå gjennom sine ulike stadier, steg for steg, før dei godtar det intellektet seier. 

Kjensler av nederlag og sorg...ja, eg har nok det. Og eg veit at kjensler treng tid. Det veit eg jo berre så altfor godt. Eg skal nok komme meg framover på denne vegen og nå dit der kjenslene er med på det intellektet seier. Eg skal nok komme dit at eg aksepterer at eg har ei lukka grind bak meg og skal vidare til noko anna. Men eg treng tid. Kjenslene mine treng tid. Fordi: Ting Tar Tid.