4. jan, 2018

Min veg blir annleis no

Det er litt rart å starte eit nytt år med ei ny utsikt. Eg ser ein ny veg framfor meg. Den ser annleis ut. Den er annleis. Den blir annleis. Det veit eg. Eg står ved eit vegskille. Eg snur meg litt, ser på den vegen eg har gått. Eg kjenner at eg saknar å vere der. Det er så mykje der som eg ønskjer at eg framleis kunne ha vore ein del av. Men eg kan ikkje det lenger. Det er trist. Valget om å forlate den vegen er ikkje heilt mitt. Det er eit valg som har tvinga seg fram grunna helseutfordringane mine. Eg likar det ikkje, men realiteten er at det er naudsynt. Eg kjenner at det er naudsynt for meg å finne ein ny veg. Men det kjennes rart og litt vedmodig å forlate den vegen eg har kjend til no. 

Ein ny veg i livet. Eg ser konturane av eit landskap som ser litt annleis ut. Det kjende landskapet, den kjende vegen, har gitt meg så mange gode og uvurderlege opplevingar. Eg mister dei ikkje. Eg har lagra dei i minnebanken min. Eg tek dei med meg. Som minner. Gode minner som vil vere med å setje preg på det nye landskapet eg skal møte. Eg ser konturar av det. Eg har starta på ein ny livsveg. Forsiktig. Eg går forsiktig, steg for steg. Eg skal vidare no. Ein ny og litt annleis livsveg. No er det den som skal vere min veg.