1. jan, 2018

Tid for endring. Nok er nok!

"Det var det året det var så bratt." Ja, på mange måtar har det vore det for meg. Enno ein gong. Eit år i motbakke på livsvegen. Eit år som ikkje vart slik som eg ønska og håpa på. Eg har kjempa mot ei bratt fjellside. Eg har prøvd å bestige ein fjelltopp. Tatt ut nesten alt eg hadde av krefter. Eg ville så gjerne greie å komme meg opp den bratte fjellsida. Men det vart for vanskeleg. Det vart for krevande. Eg greidde det ikkje. Livet ville det slik at eg skulle få ei forverring i helseutfordringane mine. Eg kunne ikkje komme meg opp den bratte fjellsida på livsvegen min. Forutsetningane for å greie å bestige den fjelltoppen endra seg. Dei vart dårlegare. Eg måtte gje slepp på ønsket og håpet om å vinne over den bratte fjellsida.

Ja, det har vore eit år med kjensle av at det har vore bratt på livsvegen. Men samstundes har det også vore eit år med kjensle av å rase ukontrollert nedover ei bratt fjellside. 

Det har vore mange vanskelege dagar. Dagar med mørke, tunge tankar og mørke tunge kjensler. Dagar med mykje fysiske smerter. Klart eg blir nedfor, lei meg og trist når helseplager forringar og avgrensar livet mitt. Det er frustrerande og trist å ikkje kunne gjere det eg helst vil. Det er i store trekk utanfor min kontroll no. Det er kroppen, helseplagene, som avgjer kva eg kan ta del i. Det er slitsomt å kjempe i ei bratt fjellside. Presse seg sjølv og kroppen med sine plager heilt til det ytterste. Når kreftene tek slutt, når kroppen har fått nok, ramler ein og raser nedover fjellsida. Heilt ned til bunnen av dalen. Så sliten. Så sliten. 

Det har vore eit år der eg og kroppen min gjekk oss heilt tomme og rasa nedover fjellsida. Ned i ein djup dal. Så satt eg der. Så sliten. Eg satt og såg på den bratte motbakken. Eg tenkte: "Den greier eg ikkje. Eg greier rett og slett ikkje å ta fatt på den - enno ein gong. Men kva då? Skal eg berre sitje her i den djupe, mørke dalen til...ja, kva?" Eg satt der og tenkte: "Kva no? Og eg tenkte: "Nok er nok!" Eg erkjente at slik som dette kan eg ikkje halde på lenger. Eg kan ikkje halde fram med å kjempe i motbakkar og så rase nedover igjen. Helseplagene mine har blitt av ein slik art at eg ikkje lenger kan leve livet mitt slik som eg har gjort. Eg har erkjent det. Eg kjenner meg sjølv. Eg kjenner kva graden og styrken av helseplagene mine gjer med meg. Eg har erfaring med motbakkar og fjellsider på livsvegen min. Eg ser og veit at nok er nok. No er det tid for å sjå etter alternative løysingar for vegen vidare.

Det livet som var, må vere nettopp det; eit liv som var. Det er ein historie, ei bok, som eg er ferdig med. Eg skal lukke boka. Eg skal begynne på ei ny bok. Ei bok med ei litt annleis handling. Det blir ein litt annleis historie. Eg har erkjent at det er slik det må bli. Å akseptere det fullt og heilt, verkeleg kjenne at eg aksepterer det, vil ta tid. Eg har erkjent og forstått, og eg veit at eg må akseptere. Eg skal nok få det til. Etterkvart. Eg skal opne den nye boka med eit ope sinn. Eg skal gjere meg kjent med handlinga i den boka. Det er ein litt anna historie. Den vil vise meg ein litt annleis livsveg. Eg skal nok finne meg til rette med det. Eg skal nok greie å akseptere det. Etterkvart.

2017 - det var det året då eg lukka ei bok i livet.

2018 - eg er klar til å bli kjent med handlinga i ei ny bok. Eg har erkjent, og med tida skal eg greie å akseptere. Eg veit at nok er nok. Eg veit også at ting tar tid. Men eg er klar, 2018. Så klar som eg kan bli, akkurat her og no.

Godt nytt år!