29. des, 2017

Det er fint å vere hundepasser

I tre veker skal eg prøve noko nytt. Noko som eg ikkje har gjort før. I tre veker framover vil det vere litt meir liv i heimen min. 

På 2. juledag kom det ein liten hund heim til meg. Ein fin, liten toypuddle. Eg har blitt hundepasser. I tre veker skal det vere henne og meg. Eg skal passe på henne. Eg skal ta vare på henne. Me skal halde kvarandre med selskap. Den vesle firbeinte venen min har allereie funne seg god til rette. Me har det fint saman.

Eg er ein dyreven. Eg er glad i dyr. Eg har alltid hatt katt. Heilt frå eg var liten og fram til for nokre år sidan, har eg hatt èin eller fleire kattar. Då den forrige katten min døydde for nokre år sidan, tok eg likevel eit valg om at eg ikkje ville ha ein ny katt. Ikkje fordi eg er lei av kattar og ikkje trives med å ha katt lenger. Snarare tvert imot, kan eg vel kanskje seie.

Eg er ein slik person som kan få veldig sterke kjensler for dyr. Eg har hatt det slik med alle dei kattane som har vore mine opp gjennom åra. Eg er ein slik person som blir uroleg og veldig bekymra dersom katten min blir borte lenger enn det den brukar å vere. Eg er god på å lage dei verste historiar i tankane mine om kva som kan ha hendt når den ikkje kjem heim slik som eg forventar. Slik var det også med den forrige katten eg hadde. Eg var glad i den. Og den gode, uvitande katten, med sine instinkt og behov, gav meg bekymringar nettopp fordi eg var så glad i den. Akkurat som med alle andre kattar som har vore mine. Når den forrige katten min døydde for nokre år sidan, tok eg eit valg om at eg ville spare meg for slike bekymringar og "skrekkhistoriar"... Eg tok eit valg om at eg ikkje ville bli katte-eigar igjen.

No har eg ein liten hund i heimen. Den er ikkje min. Eg skal låne henne i tre veker. I tre veker skal det vere henne og meg. Me har funne oss godt til rette i kvarandre sitt selskap. Eg har fått kjensler for henne. Eg er glad i henne. Me har det fint saman. Det er fint å ha henne her. Det er fint å få låne henne og ta vare på henne i tre veker. Det er fint å vere hundepasser.