22. des, 2017

Julestrid og juleglede

Jula står for døra. Eg set her og gjer meg nokre tankar rundt noko som lege og professor i sosialmedisin, Per Fugelli har sagt. Han sa at me må lære å bli glade i det som er godt nok, seie til oss sjølve og andre at me er gode nok, i staden for å streve etter det perfekte.

Det perfekte - kva er det? Når veit me at me har oppnådd det perfekte i oss sjølve og i livet? Og dersom me skulle finne ut av det og oppnå det, kva då? Når alt er perfekt, stoppar det der? Når alt er perfekt, er det ingen veg vidare? Det er jo ein trist tanke, det. Er det ikkje? Joda, det kan sikkert vere fint og kjennast godt når alt er perfekt (kva no det måtte vere), berre vere i det og nyte det. Men me menneske er laga slik at me før eller seinare vil ønske å bevege oss, komme oss vidare. Me vil ha litt utfordringar, lære nye ting og utvikle oss. Me vil utvide horisonten.  Så kvar kan me gå vidare frå det perfekte? Finst det noko som er meir perfekt enn det perfekte? Og om det er slik og me oppnår det også, kva då? Skal me til noko som er enno meir perfekt? Og så går det vidare på det viset. Følger de meg på den? 

Per Fugelli brukar ordet streve. Å streve betyr at noko er krevande og vanskeleg. Å stri med noko er det same. Julestrid. Kjend for dei fleste. Førebuingar fram mot julehøgtida, er det noko me strir med? Det er ei travel tid for dei fleste. Det er krevande. Om det ikkje er direkte vanskeleg, så kan det vere ei utfordring å få alt til å gå i hop. Det er mykje som skjer i dei siste vekene fram mot jul. Det er juleavslutningar, julebord, gåver skal kjøpast, det skal ryddast og vaskast og pyntast i hus og heim. Og samstundes skal ein yte i kvardagen med jobb og familieliv. Det er strevsamt. Det er eit strev. Det er ei strid. Det er julestrida.

Men me stri så veldig? juleførebuing vere så strevsamt at kan bli meir negativt enn positivt? Julestrida - eit negativt lada ord. Er det ikkje? Å stri seg fram til julehøgtida... Er det mogleg å gjere det annleis? Er det mogleg å gjere andre prioriteringar? Er det mogleg å vere fornøgd med godt nok, både i oss sjølve og i det me gjer? Er det mogleg å erstatte i allefall noko av julestrida med....juleglede? Å glede seg til jul er jo mykje betre enn å stri seg til jul? Ikkje sant? Noko å tenke på til neste jul?

 

God jul til dykk som besøker heimesida mi!Smiler Og du, hugs at julehjarte for kvarandre kan me ha året rundt.HjerteKul