15. des, 2017

Det er lette i å få avklaring

Det er alltid lette i ei avklaring. Ei avklaring kan vere god. Ei avklaring kan også vere trist og lei. Men det er alltid ei lette i det å få ei avklaring. I går fekk eg ei avklaring. Eg tok ei avgjersle. Eg har stått ved eit vegskille ei stund no. I går gjorde eg eit vegvalg som vil gjere tilværet mitt litt mindre uforutsigbart. Den vegen eg no har valgt å gå vidare på, går mot eit mål som ikkje er det eg helst ønskjer. Men det er naudsynt for meg å gå mot det målet, fordi helsa mi krever det.

Dette handler ikkje berre om meg sjølv. Den vegen som eg no har valgt å forlate, involverer andre menneske også. Eg har eit ansvar for å gje dei også eit litt mindre uforutsigbart tilvære. Eg har eit ansvar for at dei også skal få ei avklaring. No har eg teke ei avgjersle. Både eg sjølv og dei andre som er involvert har fått ei avklaring. Me kan ikkje lenger gå saman på den same vegen. Eg har ikkje helse til å halde følge med dei andre lenger. Eg må velge ein annan retning. Det er trist å forlate ein veg som har vore god å gå på, saman med andre menneske.Men det er naudsynt for meg å velge ein annan veg. Helseplagene mine gir meg klare signal om at nok er nok. 

Målet eg skal gå mot, er ikkje det eg helst ønskjer. Men eg skal gå dit likevel, fordi helseplagene mine seier meg at nok er nok. Og det kan eg forsone meg med. Det er eit stykke fram til målet. Eg har eit stykke veg å gå. Men eg har fått ei avklaring. Det er på denne vegen eg skal gå, og eg kan konsentrere meg om det som er her. Eg kan sjå framover på akkurat denne vegen, og berre denne vegen. Det er her eg skal gå vidare no. Eg gløymer ikkje den vegen eg skal forlate. Det har vore så mykje fint og godt der. Så mange flotte og gode menneske. Det har vore så lærerikt. Så mykje kjekt. Eg har mange, mange gode minner frå denne vegen. Og det gløymer eg ikkje. Det gløymer eg aldri. Men eg har stått ved eit vegskille ei stund no, og det var tid  for å gjere det valget eg har gjort.

Ei avklaring er alltid ei lette. Om valget ein må ta ikkje alltid er ønskjeleg, er det alltid ei form for lette når ein får ei avklaring.