9. des, 2017

Den beste sigeren er å vinne over seg sjølv

Den gode kjensla av mestring. Å få til noko. Kjenne seg fornøgd, og kanskje til og med glad. Å ha ein slik dag der ein greier å gjere det som for mange andre er heilt vanleg og rutinemessig. Det er laurdag. Eg gjer husarbeid. Rydding, støvsuging, vasking. Eg lagar litt adventstemning i heimen. I dag har eg ein slik dag at eg greier å gjere alt dette.

"Alt dette?" vil kanskje nokon tenke. "Det er jo ikkje så mykje." Nei, kanskje ikkje.... Men for meg kan dette vere mykje å få unnagjort på ein og samme dag. Og eg er ikkje åleine om å ha det slik. Det er eg heilt sikker på. For mange er det ikkje mykje. Husarbeid. Rydding, støvsuging, vasking. Det er heilt vanleg og rutinemessig. For andre er det "alt dette." Det er å få til noko og kjenne mestring. Kanskje er det til og med ein siger. 

Å leve med kronisk sjukdom kan gjere livsvegen meir uforutsigbar enn den kanskje er for dei som ikkje har så store helseutfordringar. Det er vanskeleg å legge opp til faste, forpliktande planar og faktisk greie å gjennomføre dei når ein skal. Det er fint å ha ein plan. Ein plan for dagen. Ein plan for veka. Det kan vere til hjelp. Men når ein lever med kroniske helseplager som gjer dagane veldig uforutsigbare, er det også viktig å kunne akseptere at det ikkje alltid går etter planen. Det er ikkje alltid det lar seg gjere å følge den. Og det er greitt. Det er fint å ha ein plan. Det er noko å rette seg etter, noko å strekke seg mot å få gjort. Noko som kan hjelpe ein til både nødvendige gjeremål og til kjekke aktivitetar. Det kan vere fint og lurt å ha planar, så lenge ein ikkje straffar seg sjølv med negative, nedsetjande tankar når ein ikkje greier å gjere det ein hadde planlagt.

Det er laurdag. Eg har gjort husarbeid. Rydding, støvsuging, vasking. Eg kjenner meg fornøgd. Eg kjenner meg til og med litt glad.

Å få til noko som ikkje er sjølvsagt fordi om det er det for mange andre. Å kjenne seg fornøgd, og til og med litt glad. Å vinne over sjukdomssymptom og negative tankar. Å vinne over seg sjølv. Det er den aller beste sigeren! Det syns i allefall eg. Mestring. Siger. Fornøgd og litt glad. Det er fint, det!