4. des, 2017

Å gje opp kan bety at ein er sterk

Eg står i eit vegkryss på livsvegen min. Eg ser at det er vegar eg må gje meg på. Eg må gje dei opp. Eg må gje slepp på dei. Eg må erkjenne for meg sjølv at det ikkje går lenger. 

Å erkjenne noko for seg sjølv - det kan vel sjåast på som ein styrke. Men det kjennes ikkje slik. Eg kjenner meg ikkje sterk. Det kjennes som å gje seg på tap. Eg må gje opp. Eg har tapt. Det kjennes trist å stå i vegkrysset og sjå på dei vegane som har vore fine og gode og gå på, og vite at eg ikkje kan gå der lenger. Trass i alt det fine og gode som finnes der, så er det for krevande for meg. Det går ikkje lenger. Eg må gje meg. Eg må gje slepp på dei.  Eg har erkjent for meg sjølv at det er slik det må vere no. 

Å erkjenne noko for seg sjølv - joda, eg kan forstå at det ligg styrke i det. Det kjennes ikkje slik. Ikkje enno. Men intellektet mitt forstår at det ligg styrke i å ta valget om å gje slepp. Det får vere godt nok, det. Der eg står no, i dette vegkrysset på livsvegen min, får det vere godt nok at eg forstår.