30. nov, 2017

Eg kan håpe for morgondagen

Eg starta denne dagen med lett humør og pågangsmot. Eg laga ein plan for dagen. Eg ville gå nokre trimrundar rundt Kvassnesstemma. Først litt trim og så fotografering. Det vart ikkje slik som eg ville. Eg kjente allereie under køyreturen mot målet mitt at dette ikkje kom til å bli slik som eg ville. Den velkjente hodepinen i ansiktet slo til før eg hadde komme halvvegs av køyreturen. Eg ville ikkje snu. Eg køyrde heilt fram, og eg starta å gå i dette flotte området. Men eg kunne ikkje gjennomføre slik som eg hadde tenkt. Det vart for vanskeleg med den hodepinen. Eg måtte komme meg heim igjen før det vart for ille.

Èin runde. Det var det eg greidde. Èin runde i sakte tempo. Eg fekk tatt nokre bilete på denne eine runden. Og det var det. Eg kjenner jo veldig godt til at eg får gode og dårlege dagar. Gode og dårlege tider på dagen. Eg veit det. Og eg veit at eg må leve med det. Men eg kjenner skuffelsen når det som såg ut til å kunne bli ein god og fin dag blir til mange timar med smerter. Smerter med ein slik intensitet at dei set ein stoppar for all aktivitet, mest sannsynleg for resten av denne dagen. Ja, eg kjenner på skuffelsen. Og eg kjenner på kraftig hodepine i ansiktet. Slik er det. Slik er det å vere meg akkurat no. I morgon kjem ein ny dag. Eg kan håpe for den. Det er alt eg kan gjere her og no.