25. nov, 2017

Me kan ikkje vite kva andre har i tankane sine

Kvifor brukar me så mykje energi på å tenke på kva andre kanskje tenker om oss? Kva andre tenker kan me faktisk ikkje vite utan å sjekke det ut. Når eg får slike tankar og kjenner at det påverkar meg og kva eg får til å gjere, stoppar eg opp i tankane og snur om på det: Kven er eg, som trur at eg er så viktig at folk brukar tid på å vere opptekne av meg og mitt? Kven er eg, som trur at eg er så betydningsfull?

 

 

 

Når eg skal ut og avgårde ein stad, som til dømes ein tur i butikken, sjekkar eg i speilet før eg skal gå. Og nokre dagar får det eg ser i speilet meg til å tenke: "Nei, dette går ikkje. Eg kan ikkje vise meg for folk når eg ser ut slik som dette." Men....kven er eg, som trur at dei andre som er i butikken gløymer alt anna fordi dei rettar all merksemd mot meg og korleis eg ser ut? Dei andre som er i butikken har no vel sitt eige å fokusere på? Dei er der for å gjere innkjøp. Dei er ikkje der for å sjå på meg. Og om eg ein dag går inn i butikken med bustete hår, kva så? Joda, det er nok nokre som vil legge merke til det og sjå litt på meg. Men for dei fleste stoppar det der. Det blir lagt merke til, eit kort blikk, og så går merksemda tilbake til dei sjølve og det dei held på med. Kven er eg, som trur at mitt bustete hår er så viktig at folk gjev plass til det i tankane sine? Kven er eg, som trur at eg er så viktig at folk tek av tida si for å rette all merksemd mot meg og korleis eg ser ut?

Det er nyttig å bruke ein slik metode når tankar om å ikkje vere fin nok og god nok strøymer på og vekker angsten. Det er ein metode for å hjelpe seg sjølv, men det er også mykje sanning i det. Me kan faktisk ikkje vite kva andre har i tankane sine. Kven er me, som trur at me kan gå inn i hovudet til andre og sjå kva dei tenker? Tenk litt på det, du!

Om eg, som går inn i butikken med mitt bustete hår, vil vite og ikkje berre tru at alle gjev merksemd til det bustete håret mitt, må eg sjekke det ut. Eg må spørje om det er slik. Eg må spørje kvar og ein som er i butikken. Huff, så slitsomt. Slitsomt og tidkrevande. Og det er stor sannsynlighet for eg ville få avkrefta det eg trur at andre tenker om meg. 

Eg har ikkje råd til å bruke så mykje energi på slikt som dette. Energilageret mitt er avgrensa, og eg vil heller bruke energien min på noko som er positivt og oppbyggjande for meg. Og det kan eg, fordi eg har fått hjelp til å lære meg å snu om på tankar som ikkje har noko nytte for meg. 

Eg har lært meg til det, og det kan DU også lære deg til, dersom du er villig til å jobbe med deg sjølv. Mental trening. Slik som fysisk trening styrker kroppen, kan mental trening styrke psyken. Mental trening. Og tid. Det er det som skal til.