18. nov, 2017

Tankane si forestilling er ikkje nødvendigvis ei sann historie

Eg vaknar med negative og tunge tankar. Negative og tunge tankar om tida framover. Eg veit at det tankane mine gjer, er å lage ei forestilling om framtida. Ei forestilling og ikkje nødvendigvis ein realitet. Tankane mine kan ikkje vite alt om korleis vegen framover er. EG kan ikkje vite alt om vegen framover. Det er så mykje eg ikkje kan vite noko om. Tankane mine lagar ei dyster forestilling. Eg treng ikkje å ta denne forestillinga som ei sann historie. For eg veit. Eg veit at eg ikkje kan vite. Likevel er det ikkje lett å fjerne seg frå tankane. I dag har dei fått eit godt tak. Men så har eg jo mine verktøy. Verktøy som hjelper meg å fjerne meg frå desse tankane. Eg har verktøy, men dei gjer ikkje jobben for meg. For at verktøyet skal ha noko nytte, må eg først bestemme meg for at eg vil ta det i bruk. Verktøy kan ikkje gjere nytte for seg før nokon faktisk tar det i bruk. 

Så eg bestemmer meg. Og eg velger kva verktøy eg skal bruke for å komme i gang. Så starter eg.

Ofte er det slik at når ein har bestemt seg for å ta tak i eit verktøy og starte med å gjere ein jobb, så vil noko anna følge på. Det eine genererer det andre, og det andre genererer det tredje, og så vidare. Slik kan det fungere med bruk av verktøy i det mentale også. Avledning - fjerne seg meir og meir frå dei negative og tunge tankane. Rette fokus mot noko anna. Noko som er positivt og kjekt. 

Eg har mine verktøy som hjelper meg. Kva verktøy som er mest nyttig, er sjølvsagt individuelt. Kvar og ein må finne ut av kva verktøy ein trives best med.

I dag vakna eg med negative og tunge tankar. Men eg bestemte meg for å gjere noko med det. Bruke av mine verktøy. Og det fungerte. Så eg har hatt det ganske bra i dag, eg!