16. nov, 2017

Oppleving av fysisk smerte er subjektiv

Det finnes ulike formar for fysisk smerte. Mange er kjent med å ha fysisk smerte. Mange veit kva det er å kjenne verk ein eller anna stad på/i kroppen. Me menneske reagerer ulikt på fysisk smerte. Oppleving av fysisk smerte, graden av smerte, er subjektiv. Me har ulik toleransegrense. Det som for nokon kjennes frykteleg vondt, kan for andre vere nesten for ein bagatell å rekne. Det betyr ikkje at den som syns det er frykteleg vondt er eit svakare menneske, ei pyse og ei "pingle"... Toleransegrense og oppleving av  fysisk smerte er subjektivt. Den smertetilstanden EG opplever er reell for meg, og den smertetilstanden DU opplever er reell for deg. Og om to menneske har same diagnose og tilnærma lik smertetilstand, kan oppleving av smerte knytta til diagnosen vere ulik. Det skal me respektere. 

Sju dagar. Sju lange dagar. Sju lange dagar med kraftig hodepine og ansiktssmerter. Smertehelvete? Nei. Ikkje heilt det. Ikkje denne gongen. Men du verden kor godt det var å vakne i dag med eit langt lågare smertenivå! 

Når smertene sit i hovudet og ansiktet, har det stor innverknad på funksjonsnivået. For meg, med min smertetilstand, har det stor innverknad. Det avgrensar aktivitetsnivået, og stillesitting og passivitet gjev gode forhold for tankane. Og det er som regel mest av dei negative tankane. Smerter + negative tankar = nedstemthet.

Men i dag vakna eg altså opp til eit langt lågare smertenivå. Og du verden, kor godt det var! 

Sju dagar. Sju lange dagar. Sju lange dagar med kraftig hodepine og ansiktssmerter. Men i dag har smertenivået gått tilbake. I dag har det vore ein god dag. Mindre smerter og lettare til sinns. Ein god dag.