14. nov, 2017

Stopp burde-burde-tankane. Er det verkeleg så viktig å burde-burde?

Ein av dei dagane som startar med ei lang tankerekke av burde-burde-tankar. "STOPP, Wenche! Stopp! Stopp! Stopp! Spør deg sjølv; har det noko stor betydning til-eller-frå om du gjer eller ikkje gjer burde-burde-greiene? Og svaret er at det har det ikkje. Dei burde-burde-tankane som spinn rundt i hovudet ditt i dag, involverer ikkje andre direkte. Og det har svært liten, eller ingen, betydning om det du tenker at du burde ikkje vert gjort akkurat i dag. Så berre STOPP!"

Ja! Eg greidde det! Eg greidde å stoppe tankane frå å få overtaket, stoppe med å la dei få fokus. Eg greidde å roe ned det mentale stressnivået. Eg greidde å akseptere og slå meg til ro med at det ikkje var nødvendig for meg å burde-burde. Eg fann ro. Ro i meg sjølv. Og det gjekk ikkje lang tid før eg kjente at eg ville ut på tur.  Det var det eg eigentleg ville. Men burde-burde-tankane hindra meg i ta avgjersle om noko som helst. Tankar i kaos gjer som regel det. Ubesluttsomhet.

Men i dag tok eg sigeren, og eg var ute og gjekk på tur. For det er faktisk mulig å greie å gå tur og ta seg ut litt fysisk trass i hodepine. To timar i frisk luft. Lukt av sjø og natur. Flott naturlandskap i haustfargar. Sjø og hav. Ein spanande mørk og nesten truande himmel. Mykje flott som eg kunne fange med kamera. 

Om hodepinen min forsvann som følge av turen? Nei. Men den vart heller ikkje noko verre. Og samla sett, fekk eg gevinst. Eg fekk ei lette psykisk, og muskelspenningar løyste litt opp.