12. nov, 2017

Å vere deprimert er ikkje å vere trist

Å vere deprimert er ikkje å vere trist. Tristhet er ei kjensle som alle opplever frå tid til annan. Tristhet er ei av kjenslene i eit spekter av kjensler som alle menneske har. Å kjenne seg trist av og til er sunt. Det betyr at me ikkje er upåvirkelige. Tristhet er ein reaksjon som er knytta til nokon eller noko som betyr mykje for oss, som me bryr oss om, er glade i. Når det skjer noko negativt og vondt med nokon eller noko som betyr mykje for oss, reagerer me med tristhet. Å vere deprimert er ikkje å vere trist. Det liknar. Men ein depresjon grip djupare enn tristhet. Den grip djupt og går langt ned i noko tyngre og mørkare enn tristhet. Å vere deprimert er å ha oppleving av at kjenslene mister liv. Det er å ikkje greie å bry seg, ikkje greie å kjenne glede over noko. Eit menneske som er deprimert sluttar ikkje å bry seg. Det sluttar ikkje å vere glad i. Det sluttar ikkje å vere glad for. Men depresjonen tek vekk livet i desse kjenslene. Å vere deprimert er som å leve i ei boble. Ein ser at verda og livet der ute går sin gang, men det betyr ikkje noko. Det angår ein ikkje. Ein kan ikkje vere ein del av det. Det er der. Men det er fjernt og ein kan ikkje kjenne at det betyr noko. Å vere deprimert kan opplevast som at tilværet har mista alle fargar. Ein uendeleg lang veg i eit fargelaust landskap. Det er lett å miste motet når det ikkje er mulig å sjå noko anna enn ein endelaus veg i eit fargelaust landskap.

Korleis det er å vere deprimert kan aldri skildrast godt nok til at menneske som ikkje sjølv har opplevd det vil kunne forstå, verkeleg forstå. Det er mulig å vise forståing, men ikkje å forstå det fullt og heilt. Og det er greitt. Slik er det jo her i livet. Me vil aldri kunne setje oss fullt og heilt inn i noko som me ikkje har opplevd eller kjent på sjølv. Og nettopp difor, er det så viktig å vise toleranse og ha respekt for kvarandre. Me må akseptere at me ikkje alltid kan forstå, og likevel vise toleranse og respekt. Det er fullt mulig å vise forståing, toleranse og respekt sjølv om me ikkje forstår, verkeleg forstår, kva eit anna menneske går gjennom. Det er fullt mulig å vere til hjelp og støtte for andre menneske basert på å vise forståing.