4. nov, 2017

Ein god dag

Ein heil dag med låg grad av hodepine. Låg grad av smerter i kroppen. Ut på tur i pøsregn, musikk på øyra som får opp gå-tempoet, kjenne at pulsen aukar, men også ta seg tid til å fotografere. Setje seg ned på ein stein, høyre regndråpane som treff hetta på jakken, kjenne den gode og friske lukta av våt natur. Skuldrane senkar seg, heilt bokstaveleg. Sitje der på ein stein, åleine i fred og ro og ta til seg det fine og gode, der og då. Smilet kjem på, heilt av seg sjølv. 🙂

 

 

Å komme heim igjen, setje seg godt til rette i go'stolen, drikke kaffi, kjenne kribling nedover ryggen når muskelspenningane slepper taket. Smilet er framleis på. Sinnsstemningen er lys og lett. Ein god dag. Ein dag som gjev påfyll, og påminning om livsglede. Ja, i dag er det ein god dag. 🙂