29. okt, 2017

Ekte og ærleg. Livet er meir enn positive tankar og positive ord

Eg prøver for det meste å skrive innlegg med positiv vinkling. Eg prøver å skrive på ein måte som uttrykker håp. Håp for meg sjølv og håp for andre som kan kjenne seg igjen i noko av det eg skriv. Men eg vil at det eg skriv skal vere ekte. Og sanninga er at eg mange gongar verkeleg må klamre meg fast i håpet. Sanninga er at eg mange gongar er i ferd med å miste håpet. Eg skriv ikkje om alle dei gongane. Det er ikkje det som er formålet med denne bloggen, å bruke den for å skrive ut alt som er tungt og vanskeleg. Eg skriv for å hjelpe meg sjølv, og for kanskje å hjelpe andre. Hjelp til å sjå at det er håp. Hjelp til å forstå at det er mogleg å lære seg å fokusere mest på det som er bra, trass i vanskar og plager. Men eg vil at det eg skriv skal vere ekte. Eg er ikkje ein tilhengar av evig, overdreven positivitet. Eg ynskjer ikkje å gje inntrykk av at eg alltid er positiv og sterk. Eg er ikkje det. Og difor skriv eg av og til litt om dei vanskelege stundene mine også.

 

To år. Det nærmar seg to år med konstant hodepine, i større eller mindre grad. Eg er lei. Eg er så inderleg lei. To år med konstant hodepine i tillegg til andre helseutfordringar. To år der eg har prøvd å halde meg på eit greitt nok funksjonsnivå med dei plagene eg har. Eg er sliten. Eg er lei. Så mykje eg ikkje får vere med på. Ting som eg har lyst til, men ikkje greier når hodepinen har stor grad av smerte. Så altfor mange gongar med slik hodepine. Ja, eg er lei. Eg er lei og sliten og sint og trist. Eg er lei og sliten av å takle smertene i seg sjølv. Eg sint og trist over heile situasjonen. Og veit de? Det syns eg er heilt på sin plass! Eg syns at eg er i min fulle rett til å vere lei og sliten og sint og trist. Det syns eg faktisk.Og no set eg ord på det, seier det rett ut, til dykk som les dette innlegget. To år med konstant hodepine, i større eller mindre grad, i tillegg til andre helseutfordringar....Eg har lov til å vere lei. Eg har lov til å vere så inderleg lei og sliten, og eg har lov til å gje uttrykk for det. Ja! Det har eg! Og kva andre måtte meine om det, er uviktig for meg. Det som betyr noko, for meg, er det eg sjølv kjenner på og det eg sjølv syns.