28. okt, 2017

Blanda kjensler

Trass i eit auka trykk på helseutfordringane mine den siste tida, kjenner eg ei lette. Eg er letta fordi eg har teke ei avgjersle. Eg veit ikkje enno korleis vegen vidare blir. Den kan bli svingete og bratt. Den kan bli tung og slitsom. Den kan ta ein annan retning enn det eg håpar på. Kanskje når eg ikkje fram til det som er målet med avgjersla. Eg veit ikkje det enno. Eg kan ikkje vite det, for det er jo noko som ligg i framtida. Men eg kjenner ei lette over at eg har teke avgjersla.

Å ta ei avgjersle gjev ofte ei kjensle av lette. Men det ligg også andre kjensler i det. Ei avgjersle kan gjere at ein kjenner ei utladning. Tomhet...er det eigentleg ei kjensle? Når ein kjenner seg tom, kjenner ein då ingenting? Menneske som ikkje har kjent det sjølv, vil kanskje påstå det. Men me som brukar ordet tomhet om ei kjensle, veit at det ikkje er heilt slik. Å kjenne seg tom, kan vere knytta til tristhet. Tomhet kjennes som om kjenslene er utan farge. Tomhet kan vere mørk. Mørk og trist. Tomhet kan komme når ein slepper opp på indre spenningar. Det indre forsvaret ligg nede og kjenslene kjem opp. Alle slags kjensler. Blanda kjensler. Ein kan kjenne ei lette, og samstundes kjenne ein tom tristhet.

Eg har teke ei avgjersle som gjer at eg kjenner ei lette. Men eg kjenner meg også utlada. Eg er letta, slepper opp dei indre spenningane og har blanda kjensler. Eg er letta, og eg er litt tom og trist. Samstundes. Og det er greitt. Det er ikkje farleg. Eg tåler det, fordi eg forstår. Eg forstår kjenslene mine. Eg forstår at eg har teke ei avgjersle som gjev blanda kjensler.