22. okt, 2017

Eit verktøy for rydding i tankar

For ei tid tilbake fekk eg ein god idè. Eg fekk ein god idè til eit verktøy som kunne hjelpe meg med å sortere tankar. Av og til er det slik at eg blir 'bombadert' av tankar om gjeremål etter at eg har stått opp om morgonen - ting eg bør, skal og må. Det blir så mykje at blir eit einaste stort kaos i tankane mine. Det kan bli så kaotisk og overveldande at eg kjenner meg nesten handlingslamma, og då kjem eg ikkje i gang med noko som helst av det. Eg 'dytter' det framfor meg. Utsettelse. Prokrastinering. Når eg lar dette tankekaoset få spinne og gå inne i hovudet utan å komme i gang med noko, påverkar det sinnsstemningen. Det drar stemningsleiet nedover. Eg blir nedstemt. Eg kan bli irritabel. Eg blir sint på meg sjølv for at eg ikkje greier sjølv dei enklaste gjeremål. Men likevel 'dytter' eg det framfor meg. Utsettelse. Prokrastinering. Og neste morgon kan det vere på akkurat same vis. 

Men så fekk eg altså ein god idè. Enkelt, og det kosta meg ikkje mykje i kroner og øre. Eg har kjøpt eit lite White Board. Ei tavle der eg skriv opp nokre gjeremål for dagen. Ein liten dagsplan. Nokre gongar skriv eg opp gjeremål som eigentleg skal vere små og enkle, fordi at eg av og til har det slik at sjølv den minste ting kjennes som eit stort tiltak. Andre gongar har eg det slik at eg kan skrive opp større gjeremål. Tavla mi er ikkje stor. Det var eit bevisst valg å kjøpe ei tavle som ikkje har altfor stor plass å skrive på. Eg skriv ikkje opp mange ting. Eg brukar å ha frå tre til fem punkt. 

Og her kjem poenget mitt med den gode idèen: Mi oppleving av å bruke eit slikt verktøy, er for det første at eg får tanken litt ut av kaoset når eg skriv den på tavla. Eg visualiserer den. Konkretiserer den. Med få ord. Ein kort setning med få ord. Èin tanke mindre i det store kaoset. Eg har liksom parkert den der på tavla. Det andre eg opplever av å gjere det slik, er at det kjennes bra når eg kan stryke over det eg har fått gjort. Mestring. Eitt gjeremål mindre å tenke på. Det er ikkje alle dagar eg får stryke ut alle gjeremåla som står på tavla mi. Og det er greitt. Det må eg lære meg å akseptere; "I dag vart det slik. Ferdig tenkt." Det er jo ikkje verre enn at eg skriv det opp igjen på tavla mi dagen etter og prøver igjen.

Mi erfaring så langt med tavla, er at det fungerer. For meg er det til hjelp. Det er noko med å hekte ned tanke for tanke, komprimere den ned til få ord, visualisere den i få ord og på ein måte parkere den. Og når eg les gjeremåla mine som står oppført på tavla, komprimert ned til få ord, er det faktisk lettare å ta tak i dei og få dei gjort. Ikkje alltid alle, men i allefall nokre av dei.