18. okt, 2017

Det hender at det berre blir full stopp

Å fokusere på det gode.... Det hender at det ikkje er nok. Det hender at det berre blir for mykje. Det blir full stopp. Tomt for krefter. Fysisk og psykisk. Når det blir full stopp, betyr det som regel at ein har brukt mykje krefter på mobilisering over lang tid. Ein har tømt energilageret sitt. Kanskje har ein ikkje lagt merke til kor mykje krefter ein faktisk brukar. Kanskje har ein det, men valgt å gå vidare likevel. Kanskje blir det slik når ein held på med noko som ein trives med. Ein vil så gjerne. 

 

 

Når det blir full stopp, er det som om ein går på sparebluss. Ein ser at verda er som den brukar å vere. Ein ser det gode som ein har rundt seg. Ein ser. Ein veit. Ein forstår. Men kjenslene er ikkje med. Kjenslene går også på ein måte i sparebluss. Ein liten gnist igjen berre. Det kan hende at den blir så liten at det kjennes som om den skal slokne. 

Å fokusere på det gode... Det hender at det ikkje er nok. Men likevel må ein ikkje sleppe det frå seg. Ein må gjere så godt ein kan for å halde fast på det. Halde det fast i tankane trass i at kjenslene ikkje er med. For det er jo der. Det gode er der. Det blir ikkje borte sjølv om ein ikkje alltid har dei gode kjenslene som er knytta til det. Det er berre det at ein har hatt eit overforbruk i energilageret sitt og tømt det heilt ned til sparebluss. Fysisk og psykisk. Og ein må prøve å finne måtar å fylle det opp igjen på.