16. okt, 2017

Klar for ei ny veke

Det er fint å vakne ein mandag morgon og kjenne seg klar for å ta fatt på ei ny veke. Kvardagsliv. Jobb. Eg veit at eg kjem til å møte utfordringar. Eg har ein del tankar. Litt bekymringar. Eg veit at det er ting eg må ta tak i. Men eg greier å ikkje la det få så stor plass i tankane mine. Eg greier å organisere tankane mine. Èin ting om gongen.

 

Eg har litt bekymringar i tankane mine, og eg veit at eg kjem til å møte utfordringar. Men eg veit at eg kjem til å få positive og gode opplevingar også. Om livssituasjonen min heile tida gjev meg ymse utfordringar, så har eg jo så mykje bra i livet mitt også!

I dag starter eg dagen og den nye veka med å ha fokus på det som er bra. Det som gjev meg glede. Eg fokuserer på det gode og har ro på at eg skal ta tak i utfordringane etterkvart.

Det er fint å vakne ein mandag morgon og kjenne at ein gler seg til å ta fatt på ei ny veke. Kvardagsliv. Jobb. Gode opplevingar. Glede. Og utfordringar. Eg er klar til å møte det, med mitt utgangspunktet og dei forutsetningane eg har. 

Lag ei fin veke🙂