14. okt, 2017

Dørstokkmila - ikkje ei absolutt tilbakelagt utfordring

Eg må vedgå at alt regnet me har hatt her i vest den siste tida, har stoppa meg i frå å gå på tur. Eg må også vedgå at eg i den siste tida har kjent på depressive symptom. Ein samanheng? Ja. Utan tvil. Mykje innetid og lite aktivitet. Gode høve for tankane. Innandørs, i heimen, er det lite av nye impulsar og lite som gjev avledning. Det er veldig lett for å gå inn i uhensiktsmessige tankemønster under slike tilhøve. 

På torsdag fekk eg enno ein gong ei stadfesting på at det er ein samanheng mellom innetid og inaktivitet, og depressive symptom.  På torsdag greidde eg å ta grep om situasjonen og komme meg ut på tur trass i dårleg vèr. Og det gjorde meg godt. Det eine var at det var godt å vere utandørs. Kjenne på vèret og ta til meg alt det fine som er i naturen. Det var godt å vere i situasjonen der og då. Det andre var at eg opplevde eit løft i stemningsleiet, som var med meg også i etterkant av turen. Negative tankar vart mindre viktige. Det gjekk meir opp for meg kor uhensiktsmessige og uviktige dei var. Faktisk så var det lite eller inga sanning i dei heller. Dei smuldra opp og forsvann i det store uterommet. Dei positive og gode tankane som kjem til meg når eg er ute i naturen, fekk meir plass og tok over for dei negative.

Og så er det noko med det der å få bruke kroppen og vere i fysisk aktivitet. Presse seg litt, bli andpusten og bli sveitt. Det er jo forska på dette med at fysisk aktivitet påverkar kjemien i hjernen vår på ein måte som gjer at me blir lettare til sinns av å vere meir i fysisk aktivitet. Så, ja: det er heilt klart ein samanheng mellom fysisk aktivitet og sinnsstemning. Det kan ta tid å få den erfaringa. Fysisk aktivitet må ofte gjentakast, mange gongar, før ein sjølv legg merke til og opplever ein slik samanheng. Ting Tar Tid. Det har det også gjort for meg. Laaaang tid😉Og trass i alle gode erfaringar, kan eg altså framleis gå inn i mine gamle tankemønster og ikkje gjere det eg veit fungerer for å lette på sinnsstemningen. Trass i alle gode erfaringar, mestrer eg ikkje alltid. Eg får ofte fine kommentarar om at eg er så flink til å komme meg ut på tur. Og det er fint for meg å få høyre. Sjølvsagt er det fint å få fine ord. Men eg er ikkje flink heile tida, som de vil forstå når de les dette innlegget. Det kjem dagar, veker, periodar i livet mitt der eg ikkje er flink til å komme meg ut på tur. Det har hendt mange gongar. Det kjem til å hende fleire gongar. 

Eg vedgår at dørstokkmila er ekstra krevande på slike tunge regnvèrsdagar som me har her i vest for tida. Eg vedgår at depressive symptom har samanheng med for lite tid i aktivitet utandørs. Og eg vedgår at det er MITT ansvar. EG må ta ansvar eigne tankar og kjensler. Og EG må ta ansvar for å gjere noko med det. Eg veit kva som skal til. Eg veit at eg kan. 

Just do it! Berre gjer det, Wenche!"