6. okt, 2017

Stopp med å mobbe deg sjølv

Noko av det som er mest slitsamt for oss menneske, er alle eg-burde-tankar me utset oss sjølv for. Å heile tida legge press på oss sjølv. Å heile tida plage oss sjølv med alt me burde. Når me lar slik tankar få stor plass, er det eigentleg det same som mobbing. Me mobbar oss sjølv. Me tenker oss sjølv ned. Eg-burde-tankar får oss til å kjenne at me ikkje strekker til. Me får kjensle av at me ikkje mestrer, ikkje er flinke nok, ikkje er gode nok. Er ikkje dette kjensler som eit mobbeoffer kan kjenne igjen, skal tru?

 

 

 

 Mobbing vil me ikkje ha. Mobbing øydelegg eit menneske. Ingen skal måtte tåle og finne seg i å bli mobba. Det er me alle samde om. Så kvifor held me då på me å mobbe oss sjølv med eg-burde-tankar? Kvifor lar me tankane våre få lov til å mobbe oss sjølv? Kvifor skal me behandle oss sjølv dårlegare enn me behandler eit medmenneske? Ville du ha hamra laus på eit anna menneske med du-burde-meldingar - få eit anna menneske til å føle seg utilstrekkeleg, ikkje flink nok, ikkje god nok? Nei. Dei flest av oss gjer ikkje slikt (håper eg!). Så kvifor skal du gjere det mot deg sjølv, då? Kvifor skal du mobbe deg sjølv? DU er like mykje verdt som andre menneske. Du skal ikkje finne deg i å bli mobba...av deg sjølv!

Slik eg ser det, er det to ting du kan gjere for å få fred for eg-burde-tankar:

1. Du kan akseptere at det er som det er, og slik får det berre vere. Stopp med eg-burde-tankar dersom du innerst inne veit at dette kan eller vil eg ikkje gjere noko med.

2. Du kan erstatte "eg burde" med "eg skal." Stopp med alle om-og-men-tankar og berre gjer det.

Så lett, og likevel så vanskeleg. Vanskeleg, men ikkje umulig.

Det er opp til deg. Du kan velge det eine eller det andre. Men stopp med å mobbe deg sjølv!

God helg! W.