1. okt, 2017

Skilnaden på ein god og ein dårleg dag

Kva er ein god dag? Er det ein dag der ein kjenner seg i godt humør? Alt går etter planen? Berre positive og gode opplevingar? Ein solskinsdag, både bokstaveleg og kjenslemessig? Ja, ein slik dag er god. Kva er ein dårleg dag? Er det ein dag der ein kjenner seg i dårleg humør? Ingenting går etter planen? Negative og dårlege opplevingar? Ein dag under mørke skyer, både bokstaveleg og kjenslemessig? Ja, ein slik dag er dårleg.

Ein god dag gjer godt. Å kjenne at ein har det bra inni seg. Få positive og gode opplevingar. Det ein gjer blir slik som ein vil. Ein slik dag gjer godt. Men me veit alle at slike dagar ikkje kjem kvar dag. Me veit at det er mange av dei dagane der ein møter krevande utfordringar som på ingen måte var med i planen. Ein opplever at det eine uhellet avløyser det andre. Same kva ein gjer, så vert det berre feil. Motgang og dårlege opplevingar.

Me kan aldri ha full kontroll på korleis ein dag skal bli. Ting skjer. Ting som er utanfor vår kontroll. Me kan møte på mykje som påverkar oss til å oppleve at det er ein dårleg dag. Det som skjer utanfor vår kontroll, kan me ikkje alltid påverke eller endre på. Men det som kan hjelpe oss til å snu ein dårleg dag til ein god dag (eller iallefall ein betre dag) er måten me møter den på. Det som kan hjelpe oss, er vår eigen haldning til det som skjer utanfor vår kontroll. Når noko negativt skjer, kan me velge om me vil la oss fange i det negative og dvele ved det, eller om me vil innta ei positiv innstilling, gjere det beste ut av det og gå vidare i dagen. 

Dersom me lar oss fange i det negative og dveler ved det, vil det sjølvsagt prege kjenslene våre. Me kan kjenne frustrasjon og oppgitthet. Me blir i dårleg humør. Mørke skyer heng over oss og dagen vår. Dersom me velger å møte ei negativ hending med ei positiv innstilling og gjere det beste ut av det, blir me ferdige med det. Me kan gå vidare. Me går i frå dei mørke skyene som truar med å legge seg over dagen vår.

Det er sjølvsagt lov å kjenne på at det er ein dårleg dag. Det er lov å ha dagar der ein kjenner seg sliten og trøtt og trist og lei. Og det er lov å la andre få vite og sjå at ein har det slik. Det er lov å vise at livet ikkje alltid er så lett. Det me må passe oss for, er at me lar negativiteten få overtaket. Men me skal sjølvsagt ha respekt for at det er mennesker som slit med depresjonar, og som ikkje utan vidare kan innta ei positiv haldning på same måte som mennesker utan depressive diagnosar. Tru meg når eg seier at det veit eg alt om.

Men generelt sett, kan me faktisk gjere noko sjølv for å få ein god dag.  Me kan bestemme oss for at me vil møte negative hendingar med ei positiv innstilling og gjere det beste ut av det. Å ha ei positiv innstilling er ikkje det same som å framstå som perfekt med eit perfekt liv. Å ha ei positiv innstilling er eit bevisst valg me gjer, om å fokusere mest på det som er bra, framfor å å bli fanga i negativitet og dvele ved det som ikkje er bra.

Skilnaden på ein god og ein dårleg dag, handler veldig mykje om eigne haldningar og eigen innstilling.

Ei ny veke står for døra. Kan du bestemme deg for å opne den døra med ei positiv haldning til det som måtte møte deg av vanskar og utfordringar gjennom veka? Kan du bestemme deg for å sjå meir etter det som er bra, trass i det som er negativt? 

Lag ei god veke!🙂