22. sep, 2017

Nytt håp!

I går fekk eg oppleve kjensler som eg ikkje har kjent på lang tid. Eg kjente lettelse. Eg kjente håp. I går hadde eg ein veldig god fysioterapitime. Fysioterapeuten hadde ei forklaring på smertene mine. Ei logisk og lettfattelig forklaring. Eg fekk gode råd og tips om kva eg kan gjere for å få betring i smertetilstanden min.

Etter snart tre år med smerter, ymse legekonsultasjonar og utredningsprosessar, hadde eg i går ein oppklarande og oppløftande fysioterapitime. Eg må sjølv ta ansvaret for at eg ikkje har komme meg til fysioterapi tidlegare. I legekonsultasjonar har eg fått råd om å prøve fysioterapi, og eg har fått henvisning utan å ta grep og bestille time. Det var mitt eige ansvar å gjere det. Det er eg sjølv som har utsatt det.

Men, greitt! Det har ingen hensikt å dvele ved det. Det har ingen hensikt å klandre meg sjølv. Det som var, det eg ikkje har gjort, ligg bak meg. Det som betyr noko er det som er, her og no. Og det som er her og no, er at eg på ein fredag i september våknar etter ei lang og god natts søvn og kjenner nytt håp etter ein oppklarande og oppløftande fysioterapitime i går! 

God helg? Ja, det har eg tru på! 👍🙂

God helg til deg også! 🙂