16. sep, 2017

Livet er no. Ikkje i fortida. Ikkje i framtida. Det er no!

"Jeg blir mer og mer opptatt av livet som det faktisk er, ikke som det skulle ha vært." (Kari Bremnes) Eg synes dette er ein fin haldning til livet.

Me har vel alle eit eller anna i fortida som me helst ville vore forutan. Noko me angrer på, vonde opplevingar, valg me har gjort som har vore dårlege. Det er så mykje her i livet som aldri er heilt sikkert. Men noko som i allefall er sikkert, er at me ikkje kan gå tilbake i tid og endre på det som har vore. Det som var, er fortid. Det var som det var og det kan ikkje bli annleis. Likevel brukar me ofte noko enormt med tid og energi på å tenke på det. For nokre er det naudsynt å ta tak i fortida og bearbeide kjensler knytta til opplevingar som har hendt dei. Det er naudsynt å søke hjelp frå fagpersonar for bearbeiding av noko frå fortida, slik at dei kan komme seg vidare i livet. Og det er stikkordet; VIDARE! Fortid er fortid. Den kan ikkje endrast på om me grubler aldri så mykje på den. Grubling rundt fortida er eit hinder for å komme seg vidare. Mange tenker også mykje på framtida. Det blir litt det samme med det; korleis framtida ser ut, kan me ikkje vite sikkert. Noko kan me planlegge, men likevel er det så mykje me ikkje kan vite om den. Me kan håpe og ønske noko for framtida. Men dersom me lar tankar om kva framtida kan bringe få for stor plass, vil me gå glipp av mykje som ER - her og no. For livet, det er NO. Me går vidare FRÅ fortida og me går MOT framtida. Men det er NO me lever. Livet er her og no, det!

I dag har eg vore ute og jobba med ymse grovarbeid i hagen og på tunet. Eg har brukt kroppen til fysisk arbeid. Eg har pressa meg litt langt, men det var eit bevisst valg. Eg pressa meg fordi det kjentes godt å ta i bruk den anspente muskulaturen i kroppen. Fire timar med ymse grovarbeid i hagen og på tunet. Fire timar med kroppsarbeid. Det var ei positiv og god oppleving. Ei god kjensle av mestring i tillegg til at det gjorde godt for den anspente muskulaturen.

Men eg veit.... eg veit så veldig godt at eg må 'betale' for det. Eg veit at smertetilstanden min blir 'trigga' til forverring av fysisk aktivitet. Og nettopp difor, at eg veit på, bakgrunn av erfaring, så prøver eg å vere meir i det som ER - her og no. Eg tar valg som gjer at *akkurat-her.og-no* har eg ei god oppleving, sjølv om eg veit at eg må 'betale' for det i etterkant. Eg jobbar også med å lære meg til å vere i det som ER på ein dårleg dag. Det er meir vanskeleg enn å vere i det som er på ein god dag. På ein dårleg dag har eg intense smerter, og det er lett for å bli fortvila og på grensa til desperat når slik smerte hamrar i kroppen. Men så veit eg...  på bakgrunn av erfaring, veit eg at smertene vil avta igjen. Eg har smerter *akkurat-her-og-no*.. Det blir betre igjen. 

Slik er det. Slik har eg det. Slik er det å vere meg. Og det beste eg kan gjere for meg sjølv når eg har det som eg har det på livsvegen min, er å vere opptatt av det som ER! Glede meg over gode dagar og utnytte dei så godt eg kan. Holde ut på dårlege dagar og minne meg sjølv om at smerteintensiteten vil avta igjen.

Eg blir, som Kari Bremnes, meir og meir opptatt av å ha fokus på det som ER. Fortid er fortid. Framtid er framtid. Eg ER her og no, med både gode og dårlege dagar. Livet er NO. Ikkje i fortida. Ikkje i framtida. Det er no! 😀