9. sep, 2017

Å løfte blikket litt, og sjå forbi det vonde og negative

Psyken og delar av kroppen både vil og har behov for å vere ute i aktivitet. Delar av kroppen har så intense smerter at det ikkje lar seg gjere å vere i aktivitet. Slik har det vore i nokre dagar. Behov, lyst og ønskje om å komme meg ut på tur, har blitt brutalt stoppa av smerte som bankar som hammerslag i kroppen. Lange dagar med smerter og berre sitje i ro, og altfor mykje tid til å tenke. Tankane kretser naturleg nok om smertetilstanden og korleis den grip inn i dagane mine. Den avgrensar mykje som eg har lyst til. Når smerter tek så mykje merksemd. Når det ikkje er mogleg å "oversjå" dei. Når smerter avgrensar i kvardagen. Då er det naturleg nok mange negative tankar rundt det. Det ER jo negativt. Og eg gir meg sjølv lov til å kjenne på frustrasjon. Eg gir meg sjølv lov til å vere trist og lei meg, la tårene komme av og til. Det ER negativt og det ER trist at eg skal måtte møte ei slik helseutfordring å kjempe mot når eg etter lang tid og hardt arbeid med meg sjølv har komme så langt på det psykiske og personlege. Ja, det er negativt og trist. Eg har lov til å vere lei meg over det. Det syns eg faktisk at eg har! Men...! Eg må passe meg for å bli fanga i tankestraumen som handler om berre det som er negativt og trist. Og det kan eg. Eg har jobba med meg sjølv, eg har fått hjelp av terapeutar, eg har lært at eg kan stoppe negative tankestraumar og eg har lært metodar og teknikkar som fungerer for meg. Når det mørknar og blir tungt på innsida og det kjennes ut som det ikkje er meir krefter å hente, verken fysisk eller psykisk, må eg minne meg sjølv om å sjå litt lenger enn smerter og tungt mørke på innsida. Når eg kan sjå forbi det, kan eg sjå det positive og gode som er livet mitt. For det er jo der, det! Det fine og gode som er der ute, som er utanfor meg og mine plager, det er som det brukar å vere. Og eg må  minne meg sjølv om at eg kan løfte blikket og sjå mot det.Kul

I dag kunne eg gjere det. Med litt mindre vondt, kunne eg i dag rusle ein tur, i eit tempo som var tilpassa dagsformen. Og eg kunne la meg fascinere og kjenne på glede over det eg såg i naturen rundt meg. Det var ikkje akkurat ein treningstur. Men eg greidde å vere ute og la kroppen få røre litt på seg ei lita stund. Det er godt nok, det! I dag var det bra nok!Kul