5. sep, 2017

Me kan respektere kvarandre sjølv om me ikkje alltid forstår kvarandre.

Me kjenner vel alle til uttrykket "Den veit best kor skoen trykker, som har den på." Det er eit godt uttrykk, syns eg. For det er slik det er. Me kan ikkje forstå korleis eit anna menneske har det utan å ha vore i same situasjon sjølv. Og til og med når to menneske er i same situasjon, vil opplevinga av den vere delvis subjektiv. Som til dømes ei sorg. To menneske, som begge har opplevd å miste ein av sine næraste, ein ektefelle, ein kjæreste, ei mor, ein far, vil oppleve sorga på ulik måte. Dei er på mange måtar i same situasjon, men det er så mange faktorar i den enkelte sitt liv som vil gjere at sorga ikkje vert opplevd på same måte. Slik er det også med sjukdom, både somatiske og psykiske sjukdomar. To menneske med same diagnose vil ikkje oppleve den på nøyaktig same måte. Sjukdomen har felles trekk med visse symptom og plager, men opplevinga av sjukdomen vil vere delvis subjektiv. To menneske med same diagnose kan setje seg inn i og ha ei forståing for kvarandre sine utfordringar, men dei kan ikkje forstå kvarandre heilt og fullt. Fordi oppleving av sjukdom er subjektiv. Fordi begge kvar for seg har andre faktorar i livet som har betydning for korleis opplevinga av sjukdomen er, faktorar som har betydning for korleis det er å leve med sjukdomen i sin kvardag. Det er skilnad på det å ha forståing og det å forstå. Er det ikkje?

Å forstå eit anna menneske sine livsutfordringar utan å ha opplevd det sjølv, er ikkje mogleg. Å ha forståing for eit anna menneske sine livsutfordringar utan å ha opplevd det sjølv, er mogleg. Det meiner iallefall eg. Slik eg ser det, handler det om vilje til å sjå litt lenger enn det ein berre ser. Det er så mykje her i livet me ikkje forstår. Det er så mange menneske rundt oss som lever på måtar me ikkje forstår. Felles opplevingar gjer at me kan ha forståing for kvarandre, men det vil likevel alltid vere ei delvis subjektiv oppleving av felles opplevingar. Fordi ingen av oss er like. Kjenslene og tankane våre er ikkje like. Og det vil dei aldri vere. Ikkje heilt og fullt. 

Det er så mykje me ikkje forstår. Det er mange menneske me ikkje forstår. Men det me KAN, er å vise kvarandre respekt. Det me KAN, er å ta kvarandre sine livsutfordringar på alvor og respektere kvarandre sine liv.