1. sep, 2017

Frå håp til skuffelse. Frå skuffelse til håp. Igjen og igjen.

Skuffelse er ikkje ei god kjensle. Å møte skuffelsen igjen og igjen  er slitsomt. Det er slitsomt å gå frå håp til skuffelse igjen og igjen. For meg handler det no om smertetilstanden min. Utprøving av medisinar som kan dempe smertene. Å finne medisinar som dempar smertene samstundes som dei ikkje gjer "skade" på andre måtar. Utprøving av medisinar får meg til å gå frå håp til skuffelse. Igjen og igjen. *Ny medisin = håp. *Medisinen har ikkje god nok effekt = skuffelse. Det er slitsomt. Det veit alle som har vore i liknande situasjon.

Kronisk sjukdom betyr ofte at ein må ta medisin over lang tid, kanskje resten av livet. Kroppen vår er laga slik at den helst ikkje vil få tilført noko medikament. Men for mange er det naudsynt å gjere det. Det er naudsynt å bruke medisin for å kunne fungere i kvardagen. Det er naudsynt for å halde ut å vere i livet (ja, eg veit at akkurat dette høyres dramatisk ut, men det kan faktisk vere ein realitet for mange).

Utprøving av medisinar kan få oss til å gå frå håp til skuffelse gong på gong. Men når det først er slik at det er naudsynt å bruke medisin for å ha det greitt her i livet, er det også positivt at det finnes fleire medisinar å velge i. Det er sikkert mykje negativt å finne i medisinindustrien. Men når smertetilstandar tar så stor plass i livet at det ikkje er mogleg å fungere i kvardagen, har ein liksom ikkje fokus på det negative som medisinindustrien driv med. Då ønskjer ein berre at det finnes eit medikament som kan ta vekk smertene, slik at ein kan delta i livet "der ute." 

Eg fekk ein ny medisin for eit par veker sidan. Ny medisin gav håp. Eg kjenner at den nye medisinen ikkje har god nok virkning. Ny medisin som ikkje har forventa effekt gir skuffelse. 

Ja, eg er skuffa. Denne gongen også. Men eg har framleis eit håp om at det er mogleg å finne ut av kva som virkar på smertene mine, kva som kan dempe dei og gjere dagane mine lettare og betre.