31. aug, 2017

Ein pause frå kvardagens livsutfordringar

For nokre dagar sidan var eg med ei venninne til hytta hennar i Sunnfjord. Eg fekk vere i nydelege naturomgjevnader og i ei hytte som var akkurat slik som eg syns ei hytte skal vere, med enkel standard og utan gjennomført stilfull innredning.

Eg vaknar tidleg den første morgonen på hytta. Ute ligg tåka tett og tung over vatnet, som er berre nokre få meter i frå hytta. Eg går ut. Eg kjenner at lufta er frisk og rå. Eg rusler ned til vatnet, og set meg ned på eit berg, heilt nede ved vatnet. Eg har smerter. Det har eg alltid om morgonen. Men eg kjenner likevel at eg har det bra. Eg har ei god kjensle inni meg. Eg kjenner ro. Eg kan puste heilt ned i magen og kjenner at eg har indre ro. Eg har smerter, men eg kjenner at eg har godt, her eg sit nede med vatnet i frisk og rå luft. Tåka ligg tett og tung, men eg veit at sola snart kjem. Tåka vil lette og sola vil kome.

Det er rart kor små kvardagens livsutfordringar vert når eg er i desse omgjevnadene. Dei er der. Dei blir ikkje borte. Tankane mine er innom dei. Eg veit at eg må ta tak i dei igjen. Men ikkje no. Eg er her og kvardagens livsutfordringar er heime

Eg går inn igjen i hytta. Det er stille. Venninna mi søv framleis. Eg er stille for ikkje vekke henne. Ho treng å få sove. Så stille og forsiktig som eg greier, lagar eg kaffi. Eg set meg ned i gyngestolen. Eg kjenner at eg har det godt. Eg greier å få avstand til kvardagens livsutfordringar. Akkurat her og no set eg i ein gyngestol i ei hytte av enkel standard. Eg høyrer lyden av ein gammal kaffitraktar surkler og renn, eg kjenner lukta av kaffi. Eg ser at tåka byrjar å lette, og at sola ligg pål lur over den. Eit svakt, kvitt og rundt lys viser seg der inne i tåka. Eg smiler. Eg har det bra. Eg har kroppslege vondter, men likevel har eg det godt. God morgon? Ja. Det er ein god morgon. Eg smiler. Eg kan puste heilt ned i magen. Eg har det godt. Og eg veit - eg berre veit - at det blir ein god dag. Eg veit at det blir gode dagar i desse omgjevnadene med ei god venninne.

Ein pause frå kvardag og livsutfordringar gir ikkje berre avstand til dei. Ein slik pause som dette, i vakker natur og saman med ei god venninne, gir påfyll til å ta tak i kvardagens livsutfordringar når eg kjem heim igjen. 

Eg er på hyttetur med ei god venninne i vakre omgjevnader, og eg har det godt her.