21. aug, 2017

Det er mandag, og eg gleder meg til å gå på jobb

Det er mandag i dag, og eg gleder meg til å gå på jobb. Eg har helseplager som utfordrar meg kvar einaste dag, men likevel gleder eg meg til å gå på jobb. Heilt sant, eg gleder meg! Eg kjenner det igjen frå gode periodar tidlegare i livet. Gleda over å få jobbe med det eg gjer, det eg trives aller best med. Det er fint å kjenne at eg gleder meg til å gå på jobb.

 

 

Det er fint at eg etter 30 år i eit yrke der eg får jobbe med barn, framleis kjenner arbeidsglede, at eg framleis kjenner at det er dette eg trives med. Det er fint eg framleis kjenner meg heilt trygg på at eg har valgt den riktige vegen i arbeidslivet.

Eg er heldig som har (og har hatt) gode menneske rundt meg på yrkesvegen. Gode, støttande menneske som på ulike måtar har hatt (og framleis har) stor betydning, slik at eg framleis kan gå på yrkesvegen min.

Eg har sjølvsagt måtte jobbe med meg sjølv og gjort stor egeninnsats for å få det til. Men utan å ha gode, støttande menneske rundt meg, kunne det ha blitt så vanskeleg at eg kanskje hadde gitt opp.

Det er mandag i dag, og eg gleder meg til å gå på jobb!Kul