20. aug, 2017

Livet kan ikkje låsast i eit her-og-no som er berre fint og bra

Eg vil på tur. Eg vil ut i naturen, gå på tur, med kamera. Eg vil ut i naturen og bruke kroppen, gå i ulendt terreng, bli andpusten og svett. Eg vil kjenne den gode opplevinga av å vere i aktivitet i naturomgjevnader, jakte på motiv som eg kan fange med kamera. Eg vil kjenne kor godt det gjer meg å vere i aktivitet og samstundes få fine naturopplevingar som eg kan ta med meg litt av heim igjen ved å fange dei med kamera. Det vil eg. Det har eg lyst til. Men eg kan ikkje. Ikkje i dag. Ikkje akkurat no i allefall. Eg kan ikkje, fordi kroppen min ikkje er i stand til det. 

Eg brukar medisinar som skal dempe smertene mine. Akkurat no er eg nesten smertefri. Medisinane tek vekk ein del av smertene. Men dei gjer ikkje berre det. Dei påverkar kroppen min på andre måtar også. Dei gjev utslag i kroppen min på måtar som gjer eg må vere i ro. Det kan bli uforsvarleg å ikkje ta hensyn til den reaksjonen eg kjenner i kroppen som følge av dei smertedempande medisinane. 

Det er fint å vere nesten smertefri. Det er synd at eg må bruke medisinar som påverkar kroppen på måtar som gjev begrensningar, for at eg skal ha mindre smerter. Det er synd at medisinar som dempar smertene hindrer meg i å gjere ting eg har lyst til. Men det er fint å vere nesten smertefri. Og når det er som det er, må eg ha fokuset mitt på det. Eg må fokusere på å akseptere at slik er det. Om eg skal sitje her og tenke og tenke på det eg ikkje kan gjere, vil eg bli nedfor og trist. Eg må akseptere at i dag er det slik det er, i allefall akkurat no. Akkurat no er det der eg er, og om eg kan vere snill med meg sjølv og akseptere det, vil kjenslene mine bli påverka av det. Eg vil slå meg til ro med at det er som det er, i staden for at eg tenker og tenker meg nedover på skalaen av kjensler ved å ha fokuset på at eg ikkje kan gjere det eg har lyst til.

Eg saknar å kunne gå på turar like ofte som eg gjorde før eg fekk denne smertetilstanden. Men for å hjelpe meg sjølv til å akseptere at det har blitt som det har blitt, prøver eg å fokusere tankane mine mot at ting endrer seg. Når me går framover på livsvegen, møter me endringar undervegs. Gode og fine endringar, heldigvis. Men også mindre gode endringar. Og me vil møte negative og vonde endringar. Det er det som er livet. Det er det som er å leve livet. Livet kan ikkje låsast i eit her og no - eit her og no som berre er godt og bra. Livet skjer rundt oss. Livet skjer med oss. Å stoppe livet i eit her og no, vil vere det samme som å ta avstand frå realiteten. Det vil vere å lukke seg inne i sin eigen realitet, og miste kontakten med det som er den faktiske realiteten. Eller...?

Eg vil på tur. Eg vil ut i naturen, gå på tur, med kamera. Men eg kan ikkje. Eg kan ikkje det i dag, i allefall ikkje akkurat no. Kroppen min er ikkje i stand til det. Slik er det berre. Eg skal stoppe tankane mine om kor synd det er at eg ikkje kan, og eg skal finne noko positivt eg kan halde samstundes som kroppen får vere i ro. Det kan eg, og det skal eg.