15. aug, 2017

Å blande seg inn i andre sine liv kan vere omsorg

<Vi har glemt det gode, gamle kollektive ansvaret. Nabokjerringer som følger med og kjefter når noen får juling eller blir mobbet, er der ikke lenger. Vi må få folk til å bry seg om hverandre igjen. Det er ikke så farlig å engasjere seg i andre som folk tror>

 

Dette er Gro Harlem Brundtland sine ord. Det er mange år sidan ho kom med denne ytringa. Men det er vel dessverre aktuelt framleis...? Kor mange av oss er det som veit om familiar der barn/og eller vaksne lever under dårlege forhold? Det kan handle om alkoholmisbruk. Det kan handle om omsorgssvikt. Det kan handle om fysisk og psykisk mishandling. Det kan handle om seksuelle overgrep. Me veit, eller har mistanke om slike ting, men likevel vegrer me oss veldig for å melde frå om det til offentlige instansar som skal ta seg av slike forhold. Kvifor? Kvifor er det slik? Kvifor er me så redde? Kanskje er me til og med direkte feige? Er me redde for at det å blande seg inn i slike situasjonar vil øydelegge vårt eige komfortable liv? Me tenker kanskje at nokon andre sikkert har sett det same og "tar grep"...? Eg kan iallefall seie at eg har tenkt sånn. Og eg er heilt sikker på at det er fleire enn meg som har gjort det. Det er lettare å skyve frå seg ansvaret og legge det over til andre. Men...er ikkje det feighet? Er det ikkje feighet når me velger å lukke augene for slike ting? Er me ikkje feige når me velger å ikkje blande oss inn i livet til menneske som lever under dårlege forhold? Me velger å ikkje bry oss. Er ikkje det feighet? Kanskje er det til og med litt egoisme?

I dagens samfunn er det dessverre mykje bruk av vald. Å gå i mellom når nokon blir mobba og utsett for vald, kan faktisk vere farleg. Me kan sjølv bli utsett for vald, og det er klart me velger å verne oss sjølv for det. Men dersom me er vitne til ein slik situasjon og ser at det er for farleg å gripe inn direkte, kva gjer me då? Finn me fram telefonen og ringer til politiet og melder frå om det? Eller snur me ryggen til, går fort forbi, med tanken om at det sikkert er nokon andre som vil ordne opp i det?

Å blande seg inn i andre sine vanskelege livssituasjonar, kan sjølvsagt få konsekvensar for oss. Det kan få konsekvensar for den som vågar å "stikke seg fram" og melde frå til politi, barnevern eller andre offentlige instansar. I det øyeblikket kontakten med ein offentlig instans oppstår, vert ein del av noko større enn seg sjølv og sitt liv. Det er vanskeleg. Det er vanskeleg fordi ein ikkje kan vite kva omfang dette kan få for ein sjølv. 

Me veit. Me har mistanke. Me snakkar. Me snakkar med andre. Me snakkar me andre om det. Kanskje rister me litt på hovudet og tenker; "stakkars, så forferdeleg." Me snakkar oss imellom. Men me vågar ikkje å gripe inn, fordi me ikkje aner omfanget av korleis dette vil gripe inn i vårt eige komfortable liv. Det er det som skremmer oss(?) Det er det me finn ubehageleg(?) Men kva med det mennesket som framleis må leve i ein vanskeleg livssituasjon, det barnet som framleis vert utsett for vald og misbruk, fordi me berre snakkar og ikkje vågar å gjere noko? Ord er ikkje nok. Ord utan handling utgjer ingen skilnad for det mennesket, det barnet, som lever under dårlege forhold. Ord utan handling er ord utan meining. Eller?

Ja; det får som regel konsekvensar for ein sjølv når ein velger å blande seg inn i slike saker. Å vere den irriterande "nabokjerringa" som vågar å blande seg inn, kan føre til ubehagelege konsekvensar i sitt eige komfortable liv. Men det kan også føre til at eit anna menneske, eit barn, får hjelp til å komme seg ut av noko som er langt verre enn dei konsekvensane "varslaren" får....

Å blande seg, kan handle om å engasjere seg i andre mennesker. Vere ei støtte, bry seg om, vise omsorg.  Å blande seg inn i andre sine liv....det kan vere omsorg.❤