8. aug, 2017

Psykiatrien - utvikling eller avvikling?

For ei tid tilbake las eg eit innlegg på Facebook om ei dame som var så sliten og lei etter å ha kjempa mot det offentlige i lang tid, at ho til slutt valgte å avslutte livet sitt. Ho vart berre 41 år. For å unngå spekulasjonar blant dei som kjenner meg, vil eg legge til at både den personen som skreiv innlegget og dama som innlegget handla om, er heilt ukjente personar for meg. 

 

Eg har over 20 års fartstid som brukar av psykiske helsetenester. Eg har hatt, og har framleis, bruk for denne offentlige helsetenesta. Eg har blitt godt kjent med hjelpeapparatet og det som finnes av tilbod om hjelp, både i 1. linjetenesta (kommunale helsetenester) og i 2. linjetenesta (spesialisthelsetenester). Eg har møtt, og møter framleis, mange menneske som er brukarar av psykiske helsetenester. Eg har høyrt historiar om kamp mot det offentlige i dette systemet. Som leiar av lokallag i organisasjonen Mental Helse, har eg også vore med som brukarrepresentant i ulike råd, utvalg og grupper som skal jobbe for at hjelpeapparatet yter gode tenester til brukarane. På bakgrunn av alt dette, ser eg ei utvikling som skremmer meg. Eg ser ei utvikling som gjer meg opprørt, og til tider veldig sint. Eg ser ei utvikling til det verre og ikkje til det betre. Eg undrer meg over korleis hjelpetilbodet kan ha gått bakover og ikkje framover...? Det eg ser, er eigentleg ikkje utvikling. Ordet 'utvikling' er for meg eit ord som skildrar at noko UTviklar seg - det blir større og betre. Eg har ikkje sjekka kva definisjonen på ordet 'utvikling' er. Dette er berre mine tankar og min oppfatning av ordet.

Eg ser at det er mykje meir vanskeleg å få hjelp i 2. linjetenesta i 2017 enn det var då eg vart sjuk i 1996. I mange år hadde eg behov for hyppig og tett hjelp og oppfølging i 2. linje tenesta. Og det eg kan seie om min situasjon, er at eg aldri har måtte kjempe mot dette offentlige systemet for å få hjelp. At eg av og til har opplevd at eg kunne fått litt betre og meir riktig hjelp, er no så. Men eg har alltid fått hjelp. Utan å måtte kjempe for det. 

Når eg no ser at hjelpetilbodet i 2. linjetenesta vert meir og meir stramma inn, undrer eg meg over kor sjuk ein eigentlig må vere for å få hjelp? Eg forstår ikkje kvifor ein ikkje kan få hjelp før ein vert så sjuk at det er fare for sjølvmord...?!? Eg ser ikkje noko som helst meining i dette. Får ein hjelp på eit tidleg tidspunkt, kan ein unngå at menneske vert pressa så langt at dei vurderer å avslutte livet sitt. Eg undrer meg over at det skal vere ein slik praksis i 2. linjetenesta. For eg må dessverre seie at det er slik det ser ut for meg. Det er slik det ser ut for meg og mange andre som av ulike grunnar har bruk for hjelp i dette offentlige systemet. Eg undrer meg over at dei som er spesialistutdanna og jobbar i denne tenesta, ikkje kan sjå det som me på utsida av systemet ser. Eg undrer meg over at hjelpetilbodet ikkje utviklar seg til det beste for brukarane. Det opprører meg at frå eit brukarperspektiv, ser det ut som at 2.linjetenesta nærmast er i avvikling og ikkje i utvikling. Det opprører meg og det skremmer meg. Slik kan det ikkje vere!