1. aug, 2017

Gleda når noko går betre enn frykta

Første arbeidsdag etter ferien. Eg har jobba mine timar, med mine symptom og plager. Det gjekk bra, det. Det gjekk bra å vere på jobb, og eg har hatt det betre enn frykta i timane etterpå. På bakgrunn av dei to-tre siste kveldane, der eg tidvis har kjent meg ganske dårleg, var eg førebudd på høgt smertenivå og forsterking av andre kroppslege symptom som har meldt seg den siste tida. Det vart ikkje slik. Faktisk så kjenner eg meg betre i kveld enn det eg har gjort dei siste dagane. Det er fint å oppleve! Det gjer meg glad!