1. aug, 2017

Eit heilt subjektivt hjartesukk

Sommarferien min er over. Det er tid for jobb igjen. Eg gler meg til det. Eigentleg gler eg meg, men samstundes er eg litt bekymra. Eg er litt bekymra fordi smertetilstanden har eskalert igjen den siste veka. Det er forsåvidt ikkje noko nytt at den svingar mellom gode og dårlege periodar. Det nærmar seg min plass i helsekøen for vidare utredning. Og eg har framleis håp om at det er mogleg å få meir hjelp med dette. 

Eg er meir bekymra for nye symptom. Eg kjenner at kroppen ikkje er frisk, men eg forstår ikkje kva som skjer med den. Eg kan ikkje setje symptoma i samanheng med noko. Til tider er det så ubehageleg at eg nesten vert litt skremt av det. Det er nye symptom som til tider har ein intensitet som i stor grad påverkar kroppen og funksjonsnivået mitt. Det likar eg ikkje.

Jada...eg veit. No er det litt sånn syting. Eg vert frustrert og tenker; "kva er det NO då?" Eg veit at mange andre har plager som er minst like ille, og langt verre også. Og det har eg respekt for. Verkeleg. Men no er jo dette min blogg. Eg skriv om min veg i livet. Eg kan ta meg fridom til å skrive subjektivt her. Og eg tvingar ikkje nokon til å lese det. Vinker

Difor dette subjektive hjartesukket, med litt bekymring og skuffelse, fordi eg mentalt og psykisk gler meg til å komme på jobb igjen. Eg vil så gjerne. Eg vil at kroppen min skal vere frisk nok til at det skal gå bra i arbeidslivet. Ja, eg kjenner litt på bekymring, men motløysa har ikkje fått tak på meg! 

Eg kjem til å tenke på eit sitat av diktaren Jan-Erik Vold, som eg kjenner kan vere passande i skrivande stund:

"Det er håpløst, og vi gir oss ikke!"

Takk for merksemda, til deg som har brukt tid på å lese mitt heilt subjektive hjartesukkKjærlighet