24. jul, 2017

Denne sommaren har det vore God Ferie!

Den første dagen i den siste ferieveka, går mot natt. Vekene har gått fort. Det har vore ein god ferie. Denne sommaren har det vore ein god ferie. Det har ikkje alltid vore slik.

Veldig mange som har psykiske helseutfordringar, syns sommaren er vanskeleg og tung. For mange er sommaren den verste tida på året. Det er stopp i faste aktivitetar og holdepunkt. Hjelpeapparatet sitt tilbod er ofte kraftig redusert på grunn av ferieavvikling for dei tilsette. Det kan bli mange og lange veker utan faste holdepunkt og utan den/dei menneska ein vanlegvis har å støtte seg på i hjelpeapparatet. Mange og lange veker med altfor mykje tid til tankane sine. Dei negative, tunge og vanskelege tankane.

Mange av mine sommarferier har vore nettopp slik. Dei har vore lange, tunge og vanskelege. Men ikkje denne sommaren. Denne sommaren har vore ein god balanse mellom aktivitet og ro. Ein god balanse mellom sosial kontakt med andre og behovet for åleinetid. Denne sommaren har eg hatt ein God Ferie!🤩