18. jul, 2017

Fred og Kjærleik vs. Krig og Hat

"Ein indianar sa til barnebarnet sitt: I alle menneske sine liv er det ein kamp mellom to ulvar - den eine er fred og kjærleik og den andre er krig og hat. Barnebarnet såg på bestefaren sin og spurde: Kven er det som vinn kampen? Bestefaren sa: Den du mater."

Eg kjenner ikkje opphavet til denne vesle historien. Men bodskapen i den har sanning i seg. Det er jo slik det er, sant? Me har alle desse to sidene i oss. Ingen av oss har berre det gode eller berre det onde. Igjen; det handler om fokus. Kva me fokuserer på. Kva me velger å fokusere på. For det kan me. Me kan bestemme oss for kva me vil fokusere på. Me kan velge å ha meir fokus på det gode enn det onde. Om me fokuserer på det gode, kan me bygge det sterkare. Me kan velge å sjå meir etter det gode enn det onde i det som skjer utanfor oss også - sjå etter det gode i andre menneske, sjå etter det gode som er rundt oss. Det finnes mykje ondskap i verda, og det er menneske som står bak ondskapen. Det finnes krigar og hat. Det er ikkje til å legge skjul på. Det finnes menneske som er meir opptekne av den onde ulven som den gamle indianaren skildrar i historien. Det er heller ikkje til å legge skjul på. Men likevel...me kan vel starte i det små, med oss sjølv? For det kan me faktisk gjere noko med. Me kan velge å fokusere på det gode, både i oss sjølv og utanfor oss sjølv. Bygge det gode i oss sterkare. Trene på å sjå mest etter det gode i andre menneske og i samfunnet rundt oss. Me kan velge å mate den ulven som er fred og kjærleik.🙂❤