15. jul, 2017

Trivsel og mestring er god drivkraft

Det er fint å oppleve at eg har litt meir energi. Mindre smerter, meir energi og til og med litt overskudd av krefter  Eg har overskudd til ymse gjeremål både innandørs og utandørs, som eg lenge har sett på og tenkt at "dette skulle vore gjort." 

Eg må ta det etappevis. Litt den eine dagen og litt ein anna dag. Eg må ta pauser i gjeremål som mange andre får unnagjort kjapt og greitt. Eg må disponere kreftene mine, slik at eg ikkje går heilt tom igjen. Slik er det berre. Eg er meg, eg har det som eg har det, eg gjer ting på min måte og i mitt tempo, tilpassa mine helseutfordringar og mitt funksjonsnivå.

Det gjer godt å få unnagjort ymse gjeremål i og rundt heimen min, og sjå resultat av det eg har gjort. Det gir kjensle av mestring. Og det aukar kjensla av trivsel, både konkret i det eg har gjort og ser resultat av, og i det at eg trives betre med meg sjølv når eg får til noko. Eg er tilfreds med den eg er og med det eg får til der eg er i livet akkurat no.

Mestring, trivsel og det å kjenne seg tifreds, er gode og viktige kjensler. Dei bygger opp tryggleik i oss, og kan drive oss lettare framover på vegen i livet.