9. jul, 2017

Det er valg og konsekvensar av valg som former livet

Valg og konsekvensar. Det er ikkje første gongen eg skriv noko om det. Me tek valg heile tida. Små og store. Nokre tek me nesten utan å legge merke til det. Daglege valg i kvardagen. Valg som får kvardagen til å gå i hop. Det har blitt rutine. Men det er like fullt valg. Me velger å gjere det me gjer, også i kvardagen. Små, rutinemessige valg er det som gjer kvardagen til det den er. Valg har alltid konsekvens. Om me velger annleis enn det me brukar å gjere i kvardagen, vil det gi ei endring på kvardagen. Det blir eit brudd på rutinen. Det kan vere bra, eller ikkje bra. Det kan gi positiv eller negativ konsekvens. Av og til må me også ta store valg som gir ein meir tydeleg påverknad i kvardagane og i livssituasjonen. Det kan vere valg om å endre på livssituasjonen. Det kan vere valg som er knytta til helse, til arbeidssituasjon, til relasjonar med andre menneske, eller andre ting. Og så er det jo andre valg i mellom dei små og dei store også.

For eit par veker sidan tok eg eit valg knytta til helse og funksjonsnivå. Eit valg mellom to 'onder'... For no er det no eingong slik situasjonen min er for tida. Eg måtte vege det eine opp mot det andre. Eg spurde meg sjølv; "Kva er best for meg i det store biletet? Kva er best for totalsituasjonen min?" Eg gjorde ei vurdering og eg tok eit valg. I dette tilfellet hadde eg ein peikepinn på korleis konsekvensen kunne bli. Eg hadde nok eit bittelite håp om ein mindre konsekvens enn det den har blitt. Men, okay. Eg tok eit valg med den konsekvensen det gav. Eg er ikkje sikker på om eg gjorde det rette valget. Det er ikkje sikkert at det er det beste for totalsituasjonen på sikt. Men så er det slik at dette valget ikkje må vere eit endeleg valg. Eg kan gå tilbake og gjere om på dette valget. Eg kan gå tilbake til å velge det andre av dei to 'ondene' som eg allereie kjenner konsekvensen av. Kanskje eg gjer det. Kanskje ikkje. Men eg har altså mulighet til å velge, og eg kjenner til kva konsekvensar både det eine og det andre kan få. Slik sett, handler det om eit enkelt valg. Men samstundes handler det om eit valg som i stor grad kan påverke kvardagen min, knytta til helse og funksjonsnivå. Eit enkelt valg med stor betydning.

Valg og konsekvensar. Små valg. Store valg. Og valg som er i mellom dei små og dei store. Livet består av valg og konsekvensar av valg. Det er valg med sine konsekvensar som former livet.