4. jul, 2017

Mentalhygiene i hagen på ein fin sommardag.

Ein skal ikkje undervurdere det å luke i hagen. Grave litt i jorda, kjenne lukta av den og av plantar og gras. Høyre på skjora som sit i eit tre og kjeftar, og på småfuglar som kvitrar og syng. Kjenne glede over noko så lite som å få løvetannplantar opp med rota. Ta kaffipausar. Så mange ein vil. Ha fridom til å arbeide heilt i eige tempo. Halde på så lenge ein vil. Slutte når ein vil. Å luke i hagen på ein fin sommardag er god mentalhygiene. Det syns i alle fall eg.