29. jun, 2017

Så lett, men likevel så vanskeleg. Vanskeleg, men ikkje umulig.

Eg sit her og tenker. Eg tenker på livet. Eg sit her og tenker på mitt liv. Eg tenker på at livet mitt har endra seg. Det har endra seg til noko betre. På sett og vis har eg endra meg. Eg er ikkje eit nytt menneske. Men eg har tatt i bruk ressursar som eg ikkje var trygg nok til å bruke før. Stein for stein har eg bygd opp ein grunnmur av tryggleik. Litt etter litt har eg våga meg på nye utfordringar. Eg har tatt grep og gjort noko med livet mitt for at det skulle bli betre for meg. Og det har eg greidd ved å endre på tankane mine. 

 

 

 

 

Tankar er finurlige greier. Dei har stor kraft, og stor makt over oss. Det me tenker på, påverkar kjenslene våre. Kjenslene våre påverkar handlingane våre. Handlingane våre former livet vårt. Når me endrer litt på tankane våre, kan ting sjå annleis ut. Livet kan sjå annleis ut.

Å endre på tankane kan endre livet. Så lett, men likevel så vanskeleg. Vanskeleg, men ikkje umulig. 🙂