19. jun, 2017

Takksemd for det eg har fått i livet

Av og til kjem det tankar om det ein har å vere takksam for i livet. Trass i utfordringar og vanskar, helsemessig eller på andre måtar, finnes det grunnar til å vere takksam også.

Mitt liv har ikkje akkurat gått på skinner, som det heiter. Det har vore avsporingar. Mange avsporingar gjennom heile mitt vaksne liv. Nokre små som har ikkje har gjort det særskilt vanskeleg å komme tilbake på sporet. Nokre større og meir alvorlege som har gjort det krevande å finne vegen tilbake til sporet. Og nokre har vore voldsomme og til dels store ulykker der eg har vore avhengig av hjelp frå andre for å i det heile tatt sjå at det var mogleg å komme inn på sporet igjen. Eg har mista mykje som mange andre har fått. Mange år har gått tapt i avsporingar. Men eg tenkjer ikkje så mykje på det lenger. Det er meir ei kjensgjerning, noko eg konstaterer utan å dvele ved det. For etter alle kampar for å komme meg tilbake på sporet, har eg komme meg styrka ut av den lange og mørke tunnellen. WhowNye utfordringar har riktignok dukka opp. Hindringar som gjer at eg framleis ikkje kan seie at livet går på skinner. Men likevel (og heldigvis) er det rom for at det kjem tankar om det eg har å vere takksam for. Ja, eg har mista og eg har tapt. Men eg har også fått. Livet har gitt meg mykje å vere takksam for. Eg har berre ikkje alltid greidd å sjå det. Eg kan framleis ha tunge stunder der eg nesten mister det av synet. Men av og til er det stunder der tankar om det eg har å vere takksam for trer sterkt fram. Trass i utfordringar og vanskar, trass i alle avsporingar, trass i det eg har mista, så kan eg vere takksam. Eg kan vere takksam for alt det fine og gode eg har fått i livet mitt. Og så lenge eg greier å ha augene opne for det, får eg framleis det gode og fine. Livet gir meg det kvar einaste dag. Små gode og fine ting, og større gode og fine ting. Livet har ikkje berre frårøva meg noko. Det har også gitt meg noko. Det har gitt meg, og det gir meg heile tida, noko som eg kan vere takksam for.Whow